Det første løpet i vinterkarusellen på Hareid vart arrangert laurdag, og det var raskaste mann frå siste løpet i vinter som også hadde mest tempo i beina denne gongen.

Ådne Andersen låg i teten frå start, og på veg nedover Kvitholvegen hadde han festa grepet om førsteplassen. På veg inn til mål var det ingen som kunne utfordre Andersen som sprang inn til tida 27.46 og klar førsteplass.

– Det var eit perfekt løp. Det starta ganske roleg, og det var ingen som hadde så veldig lyst å trekkje. Eg kjende at eg hadde bra med krefter, seier Andersen etter målgang.

To treningsveker

Det var kanskje ikkje heilt uventa at han skulle blande seg inn i toppsjiktet, men med lite trening bak seg gjennomførte Andersen likevel eit imponerande løp.

– Eg har berre hatt to veker med trening, men det gjekk veldig bra og foten kjennest bra ut. I dag var alt under 30 minutt godkjent, fortel han.

Sjølv om regnet strøymde og temperaturen hadde falle ein del sidan morgontimane var Andersen godt nøgd med vêret.

– Det er fantastiske forhold, og det er ypparleg å springe i regn.

Med eit meir enn godkjent løp i beina seier Ådne Andersen at han skal prøve å vere først i alle dei fire løpa i vinterkarusellen, og han åtvarar om at storforma ikkje er på plass endå.

– Det skal blir mykje betre, slår han fast.

KlasseNRnamnKlubbtidplassering
K-U 17
21Malene VoldFiskarstrand35.191
33Isabella Chemmai SundgotDimna IL36.392
35Therese HolstadHareid IL37.123
47Madelen GustavsenDimna IL37.464
38Emilie Lund TjervågDimna IL40.345
37Johanne Rise KvalenDimna IL42.056
7Ludmila DunaevaHareid IL43.177
K 17-34
20Jenny Stokkevåg BergDimna IL31.271
18Fride Møller FlatinDimna IL39.132
26Karen SætreUBS41.553
55Astrid AndersenHareid IL44.234
23Olaug Orten TrovågHareid ILDNF
K 35-39
43Hanne Sofie UrkeDimna IL38.021
K 40-44
30Trine PilskogHjørungavåg30.481
42Kathrin Rise KvalenDimna IL41.552
K 45-49
13Britt SkusethHessa38.151
12Marit LillestølGjerdsvika40.132
K 55-59
15Ingunn Eikrem OlsenHasundgot36.451
M U-17
49Asbjørn VattøyDimna IL33.501
10Samuel HolstadHareid IL39.572
11Iver Austnes StokkevågHareid IL41.263
M 17-34
54Ådne AndersenHareid IL27.461
25Olger PedersenHasundgot IL28.102
9Nils Ivar RingdalMåndalen28.403
48Joakim GustavsenDimna IL28.494
56Vegard FlisterHolvik32.065
59Hiwa AlipoorHareid IL33.346
41Torstein SivertsenHareid IL34.257
46Niclas MastersDimna IL35.188
52Karsten WarholmDimna IL35.189
28Tobias VågeDimna IL36.0810
53Kristian MorkDimna IL37.3911
M 35-39
39Jan Endre RiseHareid IL28.581
16Nuno FornelosStamina Haram30.232
44Steffen FrøystadDimna IL31.063
19Ken AndersonDimna IL33.244
M 40-44
29Ronny NipenUlstein omegn sykkelklubb36.38
50Jonny TømmerbakkUlsteinvik31.561
M 45-49
57Jan Einar RoosSUFH32.131
40Øystein KvalenDimna IL34.452
M 50-54
22Per Kåre FjørtoftHasundgot IL35.011
17Stig SæterDimna IL36.152
M 55-59
5Odd ElvanesHareid33.371
58Eldor SkeideFreddan34.032
M 60-64
45Jarle SundbakkØrsta33.101
6Inge Asbjørn HaugenHornindal34.102
34Odd Arne HolstadHareid IL35.373
31Dag SnipsøyrHareid IL37.074
24Per Arne PedersenHasundgot IL37.255
14Georgiadis KonstantinTennfjord44.046
M 65-69
51Torvald JakobsenSpjelkavik og omegn FIK41.421
36Per StorøyBergsøy44.272
M 70-74
8Peder RingdalMåndalen37.281
27Jon Kåre MorkHareid IL40.302
32Per GjerdeHasundgot IL47.053

Andersen hadde føringa i store deler av løpet, og hadde fått ei luke på veg nedover Kvitholvegen.