Laurdag offentleggjorde Norges fotballforbund oppsettet for 3.-divisjon for 2015. Larsnes/Gursken måtte ta turen ned i 4.-divisjon komande sesong, men med opprykket til Volda blir det framleis tre lag frå søre Sunnmøre i avdelinga.

Denne sesongen har sunnmørslaga vore delte i to avdelingar, dei fleste i avdeling saman med lag frå Sogn og Fjordane og Hordaland, medan Brattvåg vart plasserte i avdeling med lag frå Normøre, Romsdal og Sør-Trøndelag.

Til neste sesong skal alle laga frå Sunnmøre spele i same avdeling. Denne gongen får dei med seg to lag frå Kristiansund, samt fem lag frå Sogn og Fjordane.

Det blir altså færre av dei lange reisene i avdelinga komande sesong. Før 2014-sesongen var det ei stund usikkert om Arna-Bjørnar og Åsane ville kome til å klare å stille lag i avdelinga med laga frå Sunnmøre, grunna dei lange avstandane og mykje reising.

Avdeling 8:

Kristiansund FKKristiansund BK 2HerdSkarbøvikVoldaHødd 2BergsøySpjelkavikBrattvågEidStrynFlorø 2Sogndal 2Årdal

Sjå oppsettet for heile 3.-divisjon på NFF sine nettsider.