Fredag stadfestar Hødd på sin twitter-konto at kaptein Jesper Törnqvist framleis skal vere Hødd-spelar også i 2015.

Törnqvist har vore eit fast innslag hjå Hødd dei siste to sesongane, og har faktisk spelt kvart minutt i 1.-divisjon både i 2013 og 2014, begge sesongane i tospann med Steffen Moltu.

Ifølgje Hødd sine nettsider har 29-åringen signert ei eittårskontrakt med klubben.

- Jesper har vore ein sentral spelar i laget sidan han kom til oss før 2013-sesongen. Han har vore laget sin kaptein og er ein spelar som tek mykje ansvar både på og utanfor bana. Vi er difor veldig godt fornøgd med at han har signert ny kontrakt med oss. Jesper har også vore engasjert i klubben som trenar/spelarutviklar på jente/damesida og har gjort ein veldig god jobb, også der, Seier sportssjef André Nevstad til hodd.no.

Spanande tid for Hødd

- Eg er veldig glad for å vere i mål med ny kontrakt, og no gler eg meg til å å vere ein del av Hødd også i 2015, seier Jesper Törnqvist i ein SMS til Vikebladet Vestposten.

Han meiner det er noko veldig spanande på gang i Hødd.

- Klubben har blitt ein stor del av livet mit, fortel han.