Dagleg leiar og sportssjef Andrè Nevstad er veldig godt fornøgd med at Magnus igjen blir Hødd-spelar:

- Magnus er ein spelar som vil passe godt inn her i Hødd, og det at han kan fylle fleire offensive roller i laget er ein stor fordel. Han har fått mykje erfaring sidan sist han var i Hødd, noko som vi trur heile gruppa vil få stor nytte av. Magnus er ei flott type med sin offensive og positive innstilling, i tillegg til at han er profesjonell i alt han gjer, seier Nevstad til hodd.no.

- Kan nesten ikkje vente

Magnus ser verkeleg fram til å ta på seg Hødd-drakta igjen.

- Mykje har skjedd i Hødd sidan sist eg var her, og eg er imponert over den utviklinga som klubben har hatt. Det å bli ein del av Hødd igjen ser eg veldig fram til, og skal gjere alt eg kan for at vi skal utvikle oss vidare i åra som kjem. Med Nye Høddvoll på plass, kan eg nesten ikkje vente med å kome i gong med sesongen 2015, seier ein offensiv Magnus Myklebust.

Magnus har signert ei kontrakt ut 2016-sesongen. Han skal spele med drakt nummer 9.

30 mål på 67 A-kampar for Hødd

Magnus (29) slo gjennom i Hødd-drakta i 2002-sesongen, då han var 17 år gamal. Han fikk med seg 67 A-kampar og 30 mål i Hødd, før vegen gikk vidare til Lillestrøm SK. Der vart det over 100 kampar, og blant anna to cupfinalar. Han har også spelt for Odd i Tippeligaen. I 2014-sesongen har Magnus skora 15 mål for Kongsvinger. Totalt har han spelt 92 kampar for KIL og skora 37 mål. Den fotrappe angrepsspelaren har over 30 aldersbestemte landskampar, derav 16 på U21-landslaget.