– Dette er veldig kjekt og ein viktig avtale, seier Einar Aasen i Ulstein og Hareid Lionsklubb.

Dei har no signert ein femårsavtale med Hareid IL si fotballgruppe om den haldningsskapande programmet Mitt Val.

Bygge barn

– Det er betre å byggje barn, enn å reparere barn, slår Aasen fast.

Han fortel at det er nokre avtalar av same typen som Lions no har med Hareid IL, men at det ikkje er mange, og at det då er ekstra gledeleg at avtalen er på fem år.

Lions har også vore inne med eit tilsvarande program mellom anna ved skulane i Hareid.

– Mitt Val gir ein verktøy til å kunne ta hand om ulike situasjonar som oppstår, seier Aasen og trekk fram til som til dømes mobbing, avgjerdstaking og nei til narkotika.

Meir Ballast

Anita Waage, dagleg leiar i Hareid IL Fotball, seier at programmet er svært interessant for klubben.

– Eg håpar vi kan skape betre haldningar. Vi er Hareid sin største møteplass. Ungdomarar, leiarar og tillitsvalde blir alltids utfordra. Det kan vere mobbing eller usemje. Dersom dei får kursing så får dei ein ballast for å kunne handtere det, og då meiner eg vi har lukkast, seier Waage som peikar på at idrettslaget har eit samfunnsansvar som den store aktøren dei er i lokalsamfunnet.

No håpar den lokale Lionsklubben og Hareid IL Fotball at samarbeidet kan kome i gang med kursing ein gong over nyttår. Og sjølv om det er fotballgruppa som har inngått samarbeidet, meiner Waage det er naturleg at også andre leiarar i idrettslaget har mogelegheita til å vere med på kurs.

Ein del av avtalen kring Mitt Val, skal vere med på å gjere Lions i Ulstein og Hareid meir synlege. Difor vil Mitt Val og Lions bli å finne på Hareid IL sine fotballdrakter frå 2015-sesongen.

Synleggjer Lions

– Vi ser dette litt todelt. På eine sida er vi veldig opptekne av Mitt Val, eit av Lions sine produkt, men det er også viktig for å vise Lions i nærmiljøet, Einar Aasen fortel at det ikkje er til å kome vekk frå at lokalavdelinga gjerne skulle hatt endå fleire medlemmer, og at ein no kan synleggjere klubben gjennom avtalen med Hareid IL.

– Ser ein Mitt Val og Lions på draktene, så er det kanskje lettare å få med folk, seier han.