2014 var Lokomotiv Oslo sin første i 3. divisjon, og naturlegvis ei stor sportsleg utfordring for dei svartkledde. Fleire andrelag med spelarar frå 1. divisjon møtte Loket i årets sesong, samt ei rekke lag med ambisjonar om spel høgare i divisjonssystemet. Dermed vart det ein tøff og spennande sesong for dei utflytta sunnmøringane og deira lagkameratar.

Solid sluttspurt i 3. divisjon

Ferien vart lengre enn den burde for Loket sin del og skral poengsanking i juni og august gjorde at kun målskilnad skilte laget frå nedrykk i byrjinga av september. Imidlertid tok poengsankinga seg kraftig opp mot slutten av sesongen og mellom anna siger i dei siste tre kampane gjorde at laget sikra ein komfortabel 9. plass av 14 lag. Loket enda dermed over mellom andre Hønefoss BK 2 (nedrykk til 4. divisjon) og Mjøndalen 2, og berre eitt poeng bak Bærum 2 i ei særs jamn avdeling der Drammen FK stakk av med opprykket til 2. divisjon.

6. divisjon og old boys

I 6. divisjon gjorde 2. laget sin beste sesong nokon gong og var lenge med i kampen om dei to opprykksplassane. Laget måtte til slutt ta til takke med ein 4. plass. Ein av dei to opprykksplassane stakk sjakkspelaren Magnus Carlsen sitt lag, Fremad Famagusta, av med.

Audun Roe Grimstad og Per Steinar Otterdal sitt mannskap kjempa nok ein gong i toppen av 1. divisjonstabellen (7ar) for old boys. Som kjent tok laget KM-tittelen i 2012, men til tross for å ha mista fleire sentrale spelarar sidan den gong har laget fulgt opp med 4. plass både i 2013 og 2014. I årets sesong var laget heilt på høgde med dei beste laga og tar nok sikte på å kjempe heilt i toppen komande sesong.

Kåringar på avslutningsfesten

I høve avslutningsfesten var det fleire av dei lokale spelarane som fikk dei mest gjeve prisane. For 3. divisjonslaget fekk Emil Viddal prisar for både flest assist og årets mål - som kom etter eit flott mottak i vanskeleg posisjon og påfølgande lobb over keeper. Det skal også nevnast at Viddal i tillegg skrudde heile 3 frispark over muren og i vinkelen i årets sesong. For 6. divisjonslaget hadde Åge Møgster ein solid sesong som tanksenter. Heile 14 scoringar vart det på Møgster, som gjorde at han vart både lagets toppscorar og årets spelar. På old boys-laget hadde Geir Sindre Breivik ein tilsvarande solid sesong ettersom han ved sidan av å bli toppscorar vart heidra som årets spelar.

Meir reising i 3. divisjon

Loket har enda opp med å få det ein nok må kalle ein snodig Noregsrekord etter omlegginga av 3. divisjon. For når oppsettet for komande sesongs 3. divisjon kom er faktum at laget i løpet av to sesongar og 26 bortekampar ikkje vil ha møtt eit einaste lag frå eige fylke. Sommaren 2011 kjempa Asker heilt i toppen av Adeccoligaen, komande sesong spelar dei mot Lokomotiv Oslo. Asker får utvilsomt eit enormt favorittstempel i ei avdeling der dei øvrige laga kjem nord frå Oslo, meir nøyaktig Romerike og Hedmark. Det blir i så måte bortekampar mot rekruttlag på så vel Briskeby, Gjemselund, UKI Arena og Strømmen stadion.

For Loket sin del er det liten tvil om at målet er å fornye 3. divisjonskontrakta nok ein gong. På spelarsida vil ein ha bra kontinuitet frå årets haustsesong. Imidlertid vil nok småbornsfedrene Kim Rene Vågeskar og Kim-Tore Husøy bli mindre aktive, medan trøndaren Michael Stilson etter ein kort visitt i klubben er klar for Tippeligaspel for Mjøndalen komande sesong.

Kjetil Steinsvik Paulsen (t.v) held fram i 2015, Kim-Tore Husøy (i midten) må trappe ned og Michael Stilson (t.h) er klar for tippeligaspel for Mjøndalen.