Planen for neste års 1.-divisjon er klar, og no er det også stadfesta at Hødd ikkje får starte sesongen med heimekamp på nye Høddvoll. I staden går turen til Austlandet for å møte Strømmen borte 6. april.

Dei to neste kampane blir derimot på Hødd si nye heimebane, og då er det to av laga ein kanskje må rekne med i toppsjiktet som kjem på besøk. Først er det Fredrikstad som vitjar Ulsteinvik 12. april, før Brann tek turen 19. april.

16. mai har Hødd fått heimekamp mot nyopprykka Åsane.

Sesongen blir avslutta borte mot Brann i Bergen 1. november, medan siste kamp i 2015-sesongen på heimebane blir mot Strømmen 25. oktober.

Heile oppsettet:

DatoH/BMotstandar
6. aprilBStrømmen
12. aprilHFredrikstad
19. aprilHBrann
26. aprilBBærum
30. aprilHJerv
3. maiBHønefoss
10. maiHNest-Sotra
13. maiBLevanger
16. maiHÅsane
25. maiBBryne
31. maiHKristiansund
7. juniBRanheim
21. juniHSandnes Ulf
28. juniBSogndal
5. juliHFollo
26. juliBKristiansund
2. augustHBærum
9. augustBÅsane
12. augustBJerv
16. augustHLevanger
23. augustBSandnes Ulf
30. augustHBryne
13. septemberBFollo
20. septemberHSogndal
27. septemberHRanheim
4. oktoberBNest-Sotra
14. oktoberHHønefoss
18. oktoberBFredrikstad
25. oktoberHStrømmen
1. novemberBBrann