Ti sekund utgjorde tidsskilnaden mellom den raskaste rundt Grimstadvatnet, Ådne Andersen frå Hareid, og andremann, voldingen Andreas Heggen. Medan Andersen kom inn på tida 27.14, vart Heggen klokka inn på 27.24. Tredjemann over målstreken var Joachim Gustavsen frå Dimna IL. Alle tre stilte i klassen 17 - 24 år.

Jenny Stokkevåg Berg frå Dimna IL kom først i mål av kvinnene, på tida 31.29. På andreplass kom Fride Møller Flatin på tida 37.20, medan Hanne Sofie Urke og Madelen Gustavsen kom på delt tredjeplass av kvinnene med tida 39.30. Alle fire stilte for Dimna IL, Stokkevåg Berg og Møller Flatin i klassen 17 - 24 år medan Urke stilte i klassen 35 - 39 år og Gustavsen i klassen under 17 år.

44 deltakarar trassa eit guffent vintervêr og stilte til start under det tredje Grimstadvatnet Rundt laurdag.

- Det var ikkje så gale som som det såg ut til, meiner vinnaren, Ådne Andersen. Han fortel at den største utfordringa var å forsere dei frosne bilspora i løypa.

- Vi hadde også litt motvind på veg framover, utan at vi fekk nyte godt av medvind på veg attende. Det har vel noko med landskapsutforminga å gjere, trur Andersen.

Han har ikkje trent spesifikt mot dette løpet, men han kan fortelje at han har nytta romjula til å spele fotball og gå turar på fjellet.

Ådne Andersen vann også den første utgåva av løpskarusellen Grimstadvatnet rundt, i november. Då på tida 27.46.

Rekorden han i dette løpet er elles på 26.51.

- Hadde tilhøva vore litt betre i dag, kunne eg kanskje ha tatt ny pers, trur han.

Grimstadvatnet Rundt - 3. runde 3. januar 2014