Hareidskvinna Therese Falk, som no representerer Romerike Ultraløperklubb, er utteken på det norske landslaget til 24-timars-EM/VM i Torino 11.-12. april.

Kvalifiseringskravet for kvinner er å ha løpt 20 mil eller meir i løpet av 24 timar – noko Therese Falk gjorde i fjor.

På herresida deltek Norge med 6 karar, slik at det totalt er 11 løparar som representerer landet i den italienske storbyen. Therese Falk er den eine av 6 debutantar.

Dei fem kvinnene er desse: Edna Leikvoll, FIK BFG Bergen - Therese Falk, Romerike Ultraløperklubb - Ninette Banoun, SK Vidar - Hilde Johansen, Romerike Ultraløperklubb - Cecile Holmgren, Romerike Ultraløperklubb.