Gutane i Turngruppa i Hødd IL har hatt celebert besøk denne helga. Ingen ringare enn turnaren Espen Jansen har vore på plass i turnhallen på Skeide for å inspirere og motivere den stadig veksande guteflokken i turngruppa.

Jansen har ikkje mindre enn 10 kongepokalar og har vore med på det norske turnlandslaget i 30 år. Og 46-åringen ser ikkje bort ifrå at han stiller opp i komande turn-VM også.

Til dagleg er han turntrenar på Jessheim der han jobbar både med unge turnarar og toppidrettsutøvarar innan ulike idrettar.

– Turn er ein basisidrett som eignar seg som grunnlag for all slags fysisk aktivitet, forklarer Jansen.

- Imponerande

Han tykkjer det er flott å sjå kva Turngruppa i Hødd IL har fått til.

– Det er imponerande og flott med alle dei ivrige foreldra som stiller opp for borna sine time etter time.

Under samlingane i turnhallen var han oppteken av at borna skulle ha det gøy når dei trente.

– Har ein det gøy så kan ein leike seg i form. Borna tenker at det er ein kul leik, men eigentleg har eg gøymt masse ulike turnøvingar inn i aktivitetane, avslører Jansen.

Turngruppa i Hødd IL har satsa målbevisst på å få fleire gutar med i denne allsidige idretten.

Dei siste to åra har arbeidet tatt til å bere frukter og i dag er det mellom 40 og 50 aktive guteturnarar i gruppa.

Les meir i papiravisa på tysdag