Før jul tok Ulstein Taekwondoklubb eitt gull og ei sølvmedalje under NM i Taekwondo i Mjøndalen.

Med si gullmedalje kvalifiserte Lukas René Birkelid seg til Nordisk Meisterskap som vart arrangert i Stjørdal i slutten av januar.

Sølv i Nordisk

Birkelid konkurrerer i klassa minus 61 ungdom, og mot mellom anna Islandsk motstand i Stjørdal plukka han med seg sølvmedalje.

– Det er eit temmeleg bra resultat. Sjølvsagt hadde det vore endå betre med gull, smiler Magomed-Khan Kudosov, som både er trenar og utøvar i klubben.

Han legg til at med hardt arbeid så kan ein håpe at Birkelid tek steget opp på toppen av pallen ved neste høve.

– Personleg synest eg det gjekk veldig bra. Noko kunne gått endå betre, men det var bra, seier Birkelid.

God utvikling

Kudosov forklarer at eleven er høg for alderen og at han derfor får hard kamp i ei tung vektklasse.

– Det blir ein del blåkular for å seie det sånn, slår han fast.

Birkelid fortel at han har vore aktiv innan Taekwondo i seks år, og i fjor vart han gradert med raudt belte.

Kudosov fortel at Lukas René Birkelid er ein dyktig utøvar.

– Ja, han er flink, trenar heime og har hatt veldig stor utvikling det siste året. Han har og vore med i kadettlandslaget.

Internasjonal matching

Sjølv har Kudosov nyleg vore i Moskva for å ta eit internasjonalt trenarkurs.

– Det er slik at utøvarane mine skal kunne konkurrere i utlandet. Eg var i Moskva no i helga for å ta eit sertifikat.

Kudosov legg til at klubben no håpar på å kunne delta i internasjonale konkurransar i tida framover.

– Då får Lukas René og dei andre mykje meir erfaring, og dei i klubben får kjempe mot dei som har prøvd seg ute og då blir erfaringane delt mellom utøvarane.

Trenaren legg til at det sjølvsagt er eit økonomisk spørsmål i forhold til kor mykje dei kan konkurrere.

Klubben har hatt ei veldig positiv utvikling, og per i dag tel Ulstein Taekwondoklubb om lag 120 medlemmer.

Magomed-Khan Kudosov saman med medaljevinnar Lukas René Birkelid. Kudosov var nyleg i Russland for å ta sertifikat som gir utøvarane til Ulstein Taekwondo mogelegheita til å konkurrere i utlandet.