Handballforbundet vart imponert av nye Ulsteinhallen då dei var på besøk. No håper Hødd at hallen vert godkjent som landskamparena.

Hødd handball presenterte den nye Ulsteinhallen for handballforbundet  tysdag. Representantane vart vist rundt og fekk informasjon om kva klubben og Ulstein kommune kan by ulike arrangement i regi av handballforbundet.

– Det var gledeleg å sjå at dei viste stor interesse. Dei vart imponerte av fasilitetane, med tilskodarkapasitet, VIP-areal, medierom, treningshall, garderobar og eigen spinningssal, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

No håper klubben at forbundet sentralt vert så imponerte at dei vil vurdere Ulsteinhallen som arrangementsstad i framtida.

– Til dømes å kunne arrangere ein landskamp neste år - då Hødd kan feire 70 år som handballklubb - hadde vore morosamt, seier Møller.