Dimna-trenar Arve Hatløy gler seg til å få ta fatt på ungdomsmeisterskapet i friidrett neste helg.

- Vi har fått eit fantastisk anlegg. Det har blitt mykje betre enn det vi hadde drømt om.  Vi hadde trudd det kom til å bli bra, men at det skulle bli så bra er fantastisk. Om du vil oppleve stor stemning kjem du til hallen denne helga. Dette blir noko heilt anna enn å sitte på Høddvoll og fryse, seier ein entusiastisk Arve Hatløy som karakteriser det som eit kjempeløft og ei stor ære å få arrangere dette stevnet.

- Forbundet har trua på oss og eg trur det vil bety mykje marknadsmessig og rekrutteringsmessig, at det vil bli mykje fokus på friidretten i vekene framover. Ikkje minst at bygdefolket får sjå kva vi virkelig driv på med her. Det blir topp norsk friidrett på eit høgt nivå denne helga, lovar mannen som blei kåra til årets friidrettstrenar i 2014.

Fleire medaljekandidatar

Ved tidlegare Ungdomsmeisterskap har friidrettsklubben hevda seg godt. Dimna som klubb har dei  siste åra tatt rundt 10-12 medaljar i forskjellige øvingar og  Hatløy har tru på at det skal bli mange medaljar også i år.

- Det er nok først og fremst Karsten Warholm som vil kunne ta mange medaljar. Om han får full klaff, kan han fort ta fem eller seks gull. Marthe Mjøen Berg vil og vere ein god kandidat om kroppen hennar fungerer. Tobias Skavnes Våge og Joakim Gustavsen vil og kunne ta medalje, og vi har fleire som fort kan hevde seg, trur Hatløy.

Konkurrerer i same klasse

Tidlegare år har Dimna fått full klaff i mange forskjellige årsklasser, i år skal derimot mange av lagkameratane konkurrere i samme klasse.

- Litt av ulempa i år er at vi har mange som skal delta i18-19-årsklassa. Dette betyr at mange av utøvarane er i direkte konkurranse med kvarandre og mange som normalt ville hevda seg i sine klasser er no konkurrentar. Dette betyr at fleire som normalt ville hevda seg i si klasse ikkje vil ta medaljer no, seier Hatløy.

Skyttelbuss

Høgskulen i Volda har fått oppgåva med å ”streame” arrangementet i Ulsteinhallen denne helga, men for dei som har anledning oppfordrar Hatløy folk til å få med seg dette.

- Eg vil oppfordre folk som vil sjå friidrett på eit høgt nasjonalt nivå til å ta seg ein tur innom Ulsteinhallen denne helga. Her blir det mykje spennande friidrett, og det vil gå skyttelbuss mellom Ulsteinhallen og Ulsteinvik senrum, seier Dimna-trenaren som forventar ei stemning dei ikkje har sett makan til på stemna dei har arrangert tidlegare.