– Eg synest vi gjennomfører ein solid kamp. Vi byrjar bra, får ei tidleg scoring før det dett litt midt i førsteomgangen.  Vi avsluttar veldig sterkt siste kvarteret, men minuset er at vi ikkje scorar meir, for vi har nokre store sjansar. Andreomgangen byrjar som eit fyrverkeri og då blir det tre mål og kampen er eigentleg ferdig.

Slik oppsummerer Sindre Eid 4–1 sigeren mot Træff på heimebane laurdag. Eid seier at han ser igjen det Hødd trenar på i kamp og at Hødd i tillegg får i gang både ein del unge spelarar, samt spelarar som er tilbake frå skade.

Hødd lot ikkje Træff kome til mange sjansar i løpet av 90 minutt, men 2.-divisjonslaget fekk med seg ei scoring på ein overgang.

– Det er vel berre slik målet kunne kome, for vi har mykje ball og synest vi handterte det bra med unntak av på scoringa, så den er litt irriterande.

1.-divisjonsmotstand på La Manga

Eid fortel at ein ikkje vil sjå store endringar frå Hødd si side når laget no reiser sørover til La Manga og to kampar mot 1.-divisjonsmotstand.

– Vi ser korleis vi ønskjer at Hødd skal stå fram i år, og gjer ikkje endringar i forhold til det. Vi må halde fram, forsterke og vere tydelege på korleis vi vil spele.

Trenaren seier at sidan kampane på La Manga blir spelte på gras, så blir det ei litt anna utfordring, sidan alle Hødd sine treningskampar til no har vore spelt på kunstgras.

– Det blir ein overgang med eit anna underlaget og det blir spanande å sjå korleis vi står til lag som vi skal møte i serien.

Sist var det Erik Sandal sin tur til å tre inn att i laget, og laurdag var også Eirik Ulland Andersen tilbake for Hødd.

– Det er to klassespelarar som har eit høgt nivå i førstedivisjon. Dei tek det steg for steg, med Erik sin andre kamp og Eirik fekk sin første. Det er godt for dei å kome i gang, og no handlar det om å finne kamprytmen.

Ein annan spelar som fekk sin første kamp på Nye Høddvoll var Christoffer Aasbak. Trønderen stod over kampen mot Brattvåg grunna sjukdom, men mot Træff fekk Aasbak vist at han kan bli ein veldig spanande spelar for Hødd denne sesongen.

– Han er ein veldig god fotballspelar, offensiv og med gode ferdigheiter. Han har ting i spelet sitt som kan utviklast, men han er ein veldig fin spelar og spelar ein veldig god kamp i dag.

Aasbak var mykje med framover frå sin venstrebackposisjon og var mykje involvert når Hødd hadde offensive dødballar.

– Han kan bli ein veldig verdifull spelar for oss, og det er kjekt å registrere at vi har ein tropp med stor konkurranse om å kome på laget. Det er mange om beinet og mange som ønskjer å spele, fortel Eid.

Kampfakta:

Hødd - Træff 4 - 1 (1-0)

Nye Høddvoll

Tilskodarar: Ca 100.

Mål: 1-0 Joachim Magnussen (4), 2-0 Michael Karlsen (50), 3-0 Joakim Wrele (53), 4-0 Michael Karlsen (56), 4-1 Outzen (75)

Hødd: Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist (), Christoffer Aasbak - Fredrik Aursnes, Joakim Wrele, Ole Amund Sveen - Torbjørn Kallevåg, Michael Karlsen, Joachim Magnussen.

Innbyttarar: Alme, Brandal, Ulland Andersen, Sandal, Mork Breivik, Myklebust, Beite, Mork Kleppe