Verken Volda eller Hareid klarte å score, dermed enda kampen 0-0, står det å lese på Hareid IL si heimeside.

Første omgangen starta Hareid bra, var gode første halvtimen og stod godt imot vertane som i år skal spele i 3.-divisjon. Det var ingen store sjansar første omgangen der Volda hadde eit par halvsjansar, men det vart mykje nesten. Hareid hadde omgangens største scoringsmoglegheit då Simon Holstad Grimstad hadde ei dobbelsjanse frå skrått og kort hald, men klarte ikkje å oveliste Volda-keeper Petter Aasen. Dobbelsjansen til Grimstad, gav Aasen retur på der Fredrik Andresen skaut i tverrleggjarar. Nokre minutt før kvilen hadde også Voldas Stian Finnøy god skotmoglegheit frå kort hald, men traff berre tverrleggjaren. Andre omgangen var like jamnt og tett, iallfall i starten. Mot slutten av kampen var det Hareid som ville mest og angreip mest. Volda hadde nesten ingen målsjansar, var dårlege i den siste tredjedelen og verka lite farlege foran mål. Andresen, Runar Stranden og Thor-Ove Brekke, hadde kvar si brukbar sjanse for Hareid, men ingen av dei fann nettmaskane. Dermed enda kampen 0-0 noko som er ikkje noko dårleg mot eit 3.-divisjonslag. Men ut i frå spel, sjansar og kampens utvikling hadde det vore full fortent viss Hareid hadde scora eit eller to mål på slutten av kampen.

Ref. HAKampfaktaTreningskamp, 02. marsVolda – Hareid 0-0Volda stadionTilskodarar: 25Dommar: Jan Erik Myklebust, Åmdal IL.Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork - Nauris Driksna, Ulrik Wingsternes, Martin Nikolai Longva, Nikolai Røyset - Simon Holstad Grimstad, Ola Kalvø Vattøy, Joar Møller, Runar Stranden - Fredrik Andresen, Eiliv-Tore Howlid (K).Inn: Jon André Thue, Hiwa Alipoor, Thor-Ove Brekke, Hazhir Alipoor.