Etter fleire timar i fly og buss var Hødd-spelarane og støtteapparatet i ettermiddag framme på La Manga, der dei skal gjennomføre ein treningsleir og to treningskampar i løpet av den neste veka.

Med ein svak bris, lett skodde og rundt 15 grader gjennomførte Hødd tysdag ettermiddag si første treningsøkt. Det blei ei roleg økt for spelarane, mest for å få i gang beina etter timane i trange flysete.

Hødd har reist til Spania med 30 personar, 22 av desse spelarar. Hødd troppen på La Manga er: Aslak Falch, Jan Lennart Urke, Ole Monrad Alme, Jonas Ingebrigtsen, Martin Mork Breivik, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Ruben-Kenneth Brandal, Christoffer Aasbak, Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Erik Sandal, Ole Amund Sveen, Torbjørn Kallevåg, Benjamin Mork Kleppe, Bendik Torset, Vegard Heltne, Magnus Myklebust, Michael Karlsen, Eirik Ulland Andersen, Sondre Beite, Joachim Magnussen.

Usikkert Heltne-problem

To spelarar har framleis eit stykke igjen før dei kan vere klare for spel for Hødd. Både Bendik Torset og Vegard Heltne må framleis vere tolmodige.

Vegard Heltne fortel at i perioder har kroppen kjentes bra ut, men under tysdagstreninga hadde han på ny problemer med lysken.

Veit du kva som er gale?

- Nei, det er det som er problemet. Vi veit ikkje. Det er noko oppe i lysken som er av og på. I går fullførte eg økta uten problem, men i dag gjekk ikkje det.

Heltne fortel at slik situasjonen er no så er det ikkje mogeleg å seie noko om når han kan vere tilbake i spel for Hødd.

- Det er truleg noko som ligg bak i ryggen, i bekkenet eller korsryggen. Og så kan det hende at det er ein muskelbrist, og så lenge ryggen er skeiv så vil ikkje det gro skikkeleg.

Heltne fortel at han ikkje kjenner noko til skaden før treninga tek til, og at ein difor må vurdere på kvar trening kor mykje han kan gjere.

- I dag skulle eg ha ei hard økt, men det gjekk ikkje, fortel han. Heltne har teke ein MR som ikkje har vist noko alvorleg, men han har heller ikkje fått klare svar på kva som er problemet.

Stiv lårmusklatur

Bendik Torset har vist god framgang i lenger tid etter at han måtte operere ei ankelskade. Det er likevel litt som står att før han får kampar for Hødd.

- Det er eit stykke unna. Eg slit med lår som er veldig stive, og som eg er redd skal verte verre. Ankelen eg opererte er eigentleg heilt grei, fortel Torset. Han legg til at han eigentleg skulle byrje å trene med ball i løpet av mars, men der har han kome mykje tidlegare i gang enn venta.

Sandssokningen fortel at det er irriterande med eit nytt problem når det går så bra etter operasjonen.

- Eg har vore mykje i ro og så blir det stivt når ein skal byrje på att.

Torset er involvert i ein del av speletreninga, men står av dei mest intensive delane.

- Eg vil ikkje setje nokon dato for når eg kan vere speleklar, men eg håpar sjølvsagt på å vere klar rundt 1. april. Eg må berre ha litt is i magen, avsluttar Torset.