- Det blir ein kamp der vi får spele mot 1.-divisjonsmotstand. Til no i år er det berre i kampen mot Sogndal vi har hatt det, og det er alltid bra å kunne sjå kvar ein står, fortel Hødd-kaptein Jesper Törnqvist.

Torsdag hadde Hødd ei litt lettare trening sidan fokus allereie var flytta over på kampen mot Bærum fredag ettermiddag.

- Vi får sjå litt korleis det går i morgon, men det blir på ein litt anna måte sidan vi så langt berre har spelt på kunstgras. Det blir nok eit anna kampbilete enn det vi har sett til no, trur stopparen.

- Artig å sjå

Fredagens motstandar Bærum gjorde ein god 2014-sesong i 1.divisjon.

- I fjor hadde vi ein jamn kamp mot dei borte der vi vann, men så fekk vi ein på trynet heime. Dei har vel også bytta ein del på laget og bytta trenar, så det skjer mykje og då er det artig å sjå korleis dei er.

Törnqvist seier at sidan det byrjar å nærme seg seriestart, så må Hødd byrje å få både spelarane og laget klart til kampane som verkeleg betyr noko.

- Vi er ikkje der heilt endå. På nokre område er vi bra, men det står framleis att ein del som må jobbast med. Det er bra det også, vi kan ikkje verte for nøgde, meiner han.

- Ikkje redd for det defensive

Stopparparet Törnqvist og Moltu har stått kvart minutt dei to siste sesongane. I 2013 vart det berre 31 baklengsmål for Hødd, medan det vart meir baklengs og fleire stygge smellar i 2014.

- Eg synest vi gjer ein grei jobb i fjor, men vi har nokre enkeltkampar der vi ikkje er gode nok og fell litt gjennom. Kanskje kjem vi litt dårleg i gang, får eit mål i mot og blir utolmodige. Det er også ein del kampar der vi held nullen, så eg er ikkje redd for det defensive og synest vi har fått tydelegare køyrereglar på det.

Jesper Törnqvist fortel at ein av fordelane med å ta turen til La Manga er at laget får nye impulsar.

- I tillegg er alt lagt opp til at vi kan trene godt. Dei fleste jobbar ved sida av eller går på skule, og no får vi leve som skikkelege proffar. Og så blir det godt å kome heim etterpå, då vi får trene meir på nye Høddvoll, avsluttar Törnqvist.