Tysdag har Hødd spelt treningskamp på Aker Stadion mot Molde. Medan Fredrik Aursnes frå Hødd er på landslagsoppdrag, har heimelaget ei rekkje forandringar av same grunn.

Det skulle berre ta om lag sju minutt før heimelaget tok leiinga på Aker Stadion. Ola Kamara sette sikkert inn ei pasning frå Bendiksen etter ei kontring frå Molde.

Like før pause var heimlaget frampå igjen. Denne gongen var det Pape Pate Diouf som auka leiinga til 2-0 for dei regjerande seriemeistrane, som viste at sjølv med ein del spelarar vekke, så har Molde ein brei og god tropp å ta av.

Medan Hødd gjorde ein veldig god innsats mot AaFK før helga, vart det tyngre på Aker Stadion. Etter 62 minutt sendte Agnaldo i veg ein susar som fauk rett opp i det motsette krysset til 3-0.

Hødd gjorde ein del bytte frå laget som starta mot Aalesund, og både Erik Sandal, Ruben-Kenneth Brandal, Eirik Ulland Andersen og Torbjørn Kallevåg fekk prøve seg frå start.

Tapet mot Molde er det første for Hødd i årets oppkøyring. Det kjem også i kamp mot den klart tøffaste motstandaren Hødd har hatt.

Kampfakta:

Molde - Hødd 3 - 0 (2-0)

Aker Stadion, Molde

1-0: Kamara (7), 2-0 Diouf (43), 3-0 Agnaldo (62)

Falch, Brandal (Mork Breivik), Tørnqvist, Moltu, Aasbak, Kallevåg, Wrele, Sandal (Beite), Myklebust, Magnussen (Kleppe), Andersen (Karlsen).