Etter å ha vore med Hødd til La Manga, og fått fleire sjansar på høgrebacken i oppkøyringa, fekk Martin Mork Breivik sjansen frå start mot Sogndal. Men denne gongen var han plassert på midtbana.

– Vi blei springande ein del i mellom, spesielt i starten og Sogndal har mykje ball. Sjølv blir vi litt for defensive og kjem ikkje godt nok opp i motspelarane. I den andre omgangen blir vi mykje betre, blir meir dynamiske i midtbana, kjem betre opp i presset og fekk halde meir i ballen, fortel Mork Breivik som synest Hødd løfta seg og fort kunne fått med seg både uavgjort og siger.

Går fortare på midten

Sjølv synest han det vart litt høge skuldrer i starten av kampen.

– Eg har spelt mykje back i det siste og på midtbana må ein vere meir orientert, det går mykje fortare, men eg synest det går heilt greitt.

Er det kjekt å få sjansen frå start mot Sogndal?

– Ja, sjølvsagt. Det er ei god kjensle. Det er snart seriestart og viser at dei har trua på meg. Det viser at eg har gjort noko rett.

Endeleg for Torset

Medan Martin Mork Breivik har fått ein del sjansar i oppkøyringa, har Bendik Torset sett Hødd-kampane frå tribunen. Då var det godt å endeleg kome på bana mot Sogndal.

– Det var absolutt godt. Sist eg spelte kamp var siste runde mot Bryne i fjor. Å få spele fotball igjen er kjempegreier, seier Torset etter kampen mot Sogndal.

Han fortel at det framleis er litt smårusk før han er tilbake for fullt, men slår fast:

– Eg føler meg i brukbar form og klarar å spele fotball. Det er det viktigaste.

Torset seier at det er opp til trenarane om han blir vurdert til laget som møter Strømmen komande måndag.

– Eg er klar til å vere med i alle fall.

Sandssokningen meiner Hødd gjer ein brukbar kamp mot Sogndal, og at laget fort kunne fått med seg meir med litt meir effektivitet.

– Det er ei heilt grei generalprøve. Eg synest det gjekk veldig greitt og vart ikkje skremt av nivået, smiler Torset.