19-åringen frå Hareid er i fokus når TV2 oppsummerer si avgjersle om å plassere Hødd på 9. plass i 1. divisjon, som blir sparka i gong førstkomande måndag. 1. divisjon, som har bytta namn frå Adeccoligaen til OBOS-ligaen, blir nok ekstra tøff i år, med revansjesugne storlag som har vore nøydde til å ta turen ned ein divisjon, mellom anna Brann.

TV2 byrjar si oppsummering med å skryte hemningslaust av nye Høddvoll.

- Dersom Hødd skin like mykje som det praktfulle nye anlegget som ligg i havgapet i Ulsteinvik, kan det bli ein meget hyggeleg sesong.Vêret og reisa vil framleis vere den same for å komme seg til Høddvoll for å spille matchar. Det som er nytt i år er at ein kjem til fantastiske fasilitetar og ei nydeleg matte uansett vêr og vind, skriv TV2-journalist Thomas Berntsen.

Sandal og Aursnes blir nøkkelspelarane

Mediehuset skriv at dei meiner Hødd har hatt ein solid vinter, og før tapet mot Sogndal tysdag (1-2), har laget gått gjennom treningskampane utan å tape. Så dreg TV2 fram Hødd sin kanskje viktigaste spelar, unge Fredrik Aursnes.

- Motoren i laget er 19 år gamle Fredrik Aursnes, ein juvel som styrer laget med sitt kloke fotballhovud og gode pasningsfot. 19 år og 90 offisielle kampar for klubben. Ein av landet sine mest lovande midtbanespelarar, rett og slett, skriv TV2.

Magnus Myklebust og Michael Karlsen blir beskrive som to spanande alternativ på topp, etter at begge vendte tilbake til klubben dei spelte for, for høvesvis 10 og 3 år sidan. I forsvarsrekka blir midtstopparparet Steffen Moltu og Jesper Törnqvist (kaptein) beskrive som solide, men når det gjeld resten av forsvaret meiner TV2 at Hødd har manglar. Dette er faktoren som gjer at kanalen ikkje meiner Hødd klarer å kjempe i toppen.

Veteranen Erik Sandal får også gode skussmål, og sportsredaksjonen meiner Hødd kan kjempe om høgare plasseringar dersom han kjem heilt og fullt tilbake for dei blå og kvite.