Laurdag var Tynset i Volda, der dei opna sesongen med ein 4-0 siger. Slik sett var det kanskje ein fordel for Hødd å få sundagskampen på nye Høddvoll, slik at Tynset hadde ein kamp i beina.

Etter om lag 11 minutt etablerte Hødd eit skikkeleg press på Tynset sin banehalvdel. Angelica Vattøy storma opp si høgreside og fekk lagt ut til Gro Elise Aksnes. Skuddet var brukbart, men gjekk via ein forsvarsspelar og til corner. Sjølve corneren fekk ikkje Hødd så mykje ut av, men Therese Holstad stod godt etter og vann tilbake ballen. Godt press frå Hødd, men utan den heilt store målsjansen.

Deretter fekk Oda Nystuen sjansen på sin venstrekant for Tynset. Ut av ingenting sende ho avgarde eit skot frå om lag 20 meter som suste inn i det lengste krysset. 0-2 kom berre minuttet seinare. Ei bakromspasning gjekk rett gjennom Hødd-forsvaret til Ingrid Vangen. Ho gjorde ingen feil åleine med keeper og sette ballen forbi Amalie Brandal Kragset.

Knappe fem minutt seinare var Stine Skogan på scoringsjakt for Tynset. Ho vann duellen Susann Kragset og kunne legge på til 0-3. Ei marerittaktig periode for Hødd.

Etter det tredje målet roa kampen seg noko ned, og Hødd fekk betre grep på eige spel. Då klarte laget i større grad å spele ball, og dei trilla seg fint fram til ein god målsjanse ved Caroline Overvåg, men ho vart pressa hardt og fekk ikkje nok kraft i avslutninga frå 11 meter.

Inn mot pause vart det ikkje produsert veldig mange sjansar. Hødd flytta litt rundt på nokre spelarar, og etter 41 minutt kom Ellen Nerland Aahjem inn frå høgre og klemte til frå 25 meter. Skotet blei litt for laust og keeper kunne plukke. Same skjebne fekk eit forsøk frå Hødd-kaptein Mari Heggen eit par minutt seinare.

Etter kvilen tok Hødd eit visst initiativ i banespelet, men Tynset er svært farlege når dei kan slå lange ballar i bakrom. Spesielt viste Ingrid Vangen at Hødd må vere forsiktige med å etterlate seg for mykje rom bak forsvaret. To tongar på to minutt kom Vangen seg til brukbare skotsjansar, eitt vart fint redda av Amalie Brandal Kragset, medan det andre fauk ein halvmeter over mål.

Det første kvarteret av den andre omgangen var elles prega av få sjansar. Begge laga prøvde å etablere eit press, men utan å lukkast spesielt godt med det. 65 minutt var passert då Angelica Vattøy gjer ein flott jobb nedover høgresida. Innlegget går ut til Mari Heggen som kjem til skot frå 16 meter, men dessverre for Hødd sneik ballen seg på feil side av stolpen.

Nokre minutt seinare var Benedikte Nevstad framme med eit skot like utanfor 16-meteren. Det blei litt mykje luft under ballen, som gjekk litt over målet til Tynset-keeperen, men det var ikkje mykje om å gjere at skotet kunne blitt farleg.

Like før det var spelt 75 minutt sende Andrea Sævik Angelica Vattøy i bakrom med ei strålande pasning. Vattøy kom seg fint forbi to forsvarar, men skotet sklei litt av foten og hamna difor ein knapp meter utanfor Tynset-målet.

To minutt før slutt jubla Tynset for scoring etter at Amalie Brandal Kragset fekk ein spelar i kroppen under eit frispark. Jubelen blei likevel kortvarig sidan dommaren ikkje bles for scoring, men heller for frispark til Kragset.

Kampen enda då med dei tre Tynset-måla som kom i løpet av knappe ti minutt i den første omgangen. Det var ikkje den veldige skilnaden på laga i banespelet, men Tynset hadde klart betre effektivitet framom mål, og straffa Hødd-forsvaret hardt tre gongar på rad.

Heilt på tampen fekk Tynset ein siste sjanse etter eit fint framspel, men Sigrid Moen fekk ikkje ballen på mål.

Kampfakta:

2.-divisjon kvinner avdeling 6

Hødd - Tynset 0 - 3 (0-3)

Nye Høddvoll

Tilskodarar: ca. 55

Dommar: Torgeir Halsen, Ørsta

Mål: 0-1 Nystuen, 0-2 Vangen, 0-3 Skogan

Hødd: Amalie Brandal Kragset – Benedikte Nevstad, Susann Kragset, Silje Holstad, Therese Holstad – Angelica Vattøy (Siril Amalie Rusten 81), Andrea Sævik, Mari Heggen (Astrid Oline Roppen 81), Gro Elise Aksnes, Ellen Nerland Aahjem – Caroline Overvåg (Ingvild Ringstad 65).