IL Hødd Turn gjennomførte laurdag eit svært vellukka krinsmeisterskap i apparatturn, i turnhallen på Skeide. Medan aspirantane viste seg fram tidlegare på dag vart det konkurrert i klasser for 11-åringar, 12-åringar og klasse 1, 2 og 3 under KM.

Hallen var fylt til siste sitteplass og med ein del ståplassar til, for å sjå turnarar frå heile fylket som tevla om dei gjeve KM-medaljane.

Både publikum og dommarar fekk sjå ei rekkje flotte prestasjonar.

Jentene konkurrerte i firekamp, som inneheld bom, skranke, hopp og frittståande, medan gutane gjennomførte sekskamp som inneheld frittståande, bøyle, ringar, hopp, skranke og svingstong.

Av dei lokale utøvarane tok Edvard Roppen frå IL Hødd Turn ein andreplass i klassa for gutar 11–12 år. Pernille Eiken Fosse tok førsteplass i klassa for jenter 11 år. Her kom Emma Konstanse Sandnes Nilsen frå Hareid IL på tredjeplass.

Edel Eiken Fosse tok førsteplassen i klasse 1 for jenter, medan Maren Slotterøy Kleiven kom på tredjeplass.

Julie Kvalsund frå Hareid var einaste deltakar i klasse 3.

Sjå stor bileteserie i toppen av saka og video frå KM på høgresida av saka. (I botnen om du ser saka på mobil)