– Eg synest vi ser veldig bra ut. Vi har hatt ei fin veke og gutane gler seg til kamp, fortel Hødd-trenar Sindre Eid under laget si siste trening før OBOS-ligakampen mot Brann.

To spelarar var ikkje med på treninga saman med resten av laget, og Eid stadfestar at verken Joachim Magnussen eller Vegard Heltne er aktuelle for Brann-kampen.

– Joa fekk seg ei antyding til ein strekk, Vegard fekk seg også ein smell på trening på fredag, så dessverre er ingen av dei tilgjengelege i morgon.

Tre kampar på sju dagar

Heltne fortel sjølv at han stort sett ser ut til å vere kvitt lyskeproblema han har slite med i vinter, men at det no er framsida av låret han har fått litt trøbbel med.

– Vi får sjå seinare i veka, sidan det blir to kampar til etter Brann-kampen, fortel Sindre Eid.

Det er eit poeng, for Hødd spelar først kamp mot Brann måndag, deretter cupkamp mot Herd torsdag, før det er klart for Bærum–Hødd sundag.

– Vi må ta ein kamp av gangen og så får vi telje opp etter kvart. Vi har ei aning om kven som toler å spele tre kampar og kven som ikkje gjer det. Vi kjem til å bruke troppen denne veka, men vi må sjå litt på korleis den blir brukt og kven som blir brukt.

Les også: Vil skape trøbbel for Brann.

Må spele på Hødd-måten

Eid meiner oppskrifta for å slå Brann er at Hødd må spele som i førsteomgangen mot Fredrikstad, men at dei må klare å gjere dei gode periodane lenger.

– Vi må tore å spele vårt spel, med mykje entusiasme og bruke dei ferdigheitene vi har i laget. Då har vi ein god sjanse, men vi møter sjølvsagt eit Brann-lag som er bra og må sjåast på som favorittar. Vi må sørge for å levere ein så bra kamp som mogeleg, og så ser vi etterpå kor godt det blir.

Kva er dei største farane ved dette Brann-laget?

– Dei har eit erfarent lag, mykje erfaring frå Tippeligaen og dei har enkeltspelarar med landskampar både for A-landslaget og aldersbestemte landslag. Det er eit lag med mykje gode spelarar, og kollektivet Hødd blir viktig for oss. Vi må stå fram som ei sterk kollektiv eining. Då er vi bra, slår Eid fast.

Dersom ein ser på sundagstreninga stiller Hødd truleg med dette laget: Falch–Ingebrigtsen, Törnqvist, Moltu, Aasbak–Wrele, Aursnes, Sveen–Myklebust, Karlsen, Ulland Andersen.