Hødd fekk ein verst tenkeleg start då Bærum utnytta eit svakt tilbakespel og skaffa seg straffe etter berre to minutt. Den sette Kristoffer Tollås i mål, og Hødd måtte jage i nærare 90 minutt.

Hødd-trenar Sindre Eid har ikkje umiddelbart svar på kva som gjekk gale mot Bærum.

- Eg veit ikkje. Vi må sjå opp att kampen for å finne ut kva som gjekk gale, fortel Eid.

Han slår likevel fast at Hødd var langt unna nivået der han hadde forventa at dei skulle vere.

- Eg trudde vi hadde kome lenger enn dette. Alle kampar lev sitt eige liv, men i dag er vi ikkje der vi skal vere og det er veldig skuffande, fortel Eid.

Etter pause hadde Hødd ei periode der dei såg ut til å vere på veg inn i kampen, og der bortelaget var nære ved å redusere både ein og to gongar.

- Men så får vi 3-0 i mot og då er det køyrt.

Hødd har spelt tre kampar denne veka, men Eid trur ikkje det er slitne bein som førte til at Bærum fekk ei ganske enkel oppgåve.

- Det kan vere mykje som spelar inn, og vi slit med å kome inn i kampen. Vi har kvilt godt før denne kampen og spelarane er så godt trente at dei skal tole tre kampar i veka, seier Eid, som legg til at det er det som møter Hødd i tida framover.

Hødd har uansett ein del å ta tak i før nyopprykka Jerv kjem til nye Høddvoll komande torsdag.