Hødd 2-trenar Kenneth Moldskred var i godt humør etter kampen, trass i tap og 0-2 i målprotokollen. Han meiner elevane hans gjorde mykje bra, sjølv om dei tapte mot sterke og høgreiste Brattvåg-spelarar.

- Det hadde heilt klart vore kjekkare om det var vi som hadde to og dei som hadde null. På ein måte er det litt flatterande. Vi ynskjer alltid å vinne fotballkampar, men samstundes må vi prøve å vere edruelege i forhold til dei gode og dei dårlege prestasjonane vi leverer, seier Moldskred og legg til:

- Vi må sjå bak resultatet. Vi la ned ein god innsats i dag, og eg meiner det var ein heilt grei kamp av oss.

Om motstandaren, som dei siste åra har blitt kjent for å investere tungt i utanlandske spelarar, og då spesielt svenske, har ikkje Moldskred spesielt mykje å seie.

- Eg har som prinsipp å ikkje meine spesielt mykje om motstandaren. Men det er klart, det at dei må jobbe så hardt for å skore mål mot oss tek vi som eit kompliment, seier Hødd 2-trenaren.

To baklengs i første omgang

Laga spelte jamt i opningsminutta. Det skulle derimot bli Brattvåg som tok over meir og meir av initiativet, og innsatsen betalte seg då dei lukkast i å score mål etter 16 minutt. Hurtige Finn Alvestad fekk fatt i eit flott framspel, fyrte av mot mål, men Hødd-keeper Ole Monrad Alme fekk slått ballen vekk. Diverre for Alme blei det ein lei retur, som Brattvåg-vingen Tommy Andreassen enkelt kunne banke i mål til 0-1.

Dette tente Hødd-spelarane, som prøvde å utlikne. Brattvåg var derimot frampå igjen etter 35 minutt, og eit hardt innlegg frå høgrekanten traff brystkassa på Didrik Fløtre og gjekk vidare i mål til 0-2.

Enda med tomålstap

Hødd 2 hadde no eit vanskeleg utgangspunkt før andre omgang. Brattvåg byrja aggressivt, i jakta på eit tredje mål og ei punktering av kampen. Hødd klarte å halde tilbake for presset, og jobba godt i forsvar i andre omgang. Av det offensive Kenneth Moldskred sine disiplar fekk til, blei det aller meste stoppa av Brattvåg sitt solide midstopparpar. Det var alt i alt eit meget godt lag Hødd 2 møtte, eit lag som garantert vil ta mykje poeng i årets 3. divisjon. Kampen enda med 2-0 i favør Brattvåg.

Brattvåg-trenar Per Gidlund var ikkje heilt nøgd med prestasjonen til sitt eige lag, sjølv om Haram-laget kunne ta med seg tre poeng heim.

- I andre omgang inviterer vi Hødd inn i kampen. Det har mest med at vi ikkje er samspelte nok enno, men det skal ikkje skje når vi har to mål å gå på frå første omgang. Eg er likevel nøgd med korleis vi samlar oss mot slutten igjen, og avsluttar kampen på ein kontrollert måte, seier Gidlund, som er godt nøgd med at laget hans har teke ni av ni moglege poeng til no denne sesongen.

Kampfakta

Hødd 2 - Brattvåg 0 - 2

Nye Høddvoll

Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL.

Hødd: Ole-Monrad Alme - Audun Øvrelid, Mathias H. Grimstad, Martin Breivik, Ruben Kenneth Brandal - Sveinung Tilseth Sæterås, Aleksander Rekdal, Bendik Rise, Erik Sandal, Isak Haanes, Benjamin Mork Kleppe

Innbyttarar:Sivert Pieroth, Eirik Sundgot Kristiansen, Karl Bringsvor, Sindre Thue og Amund Rasmussen.

*** Bendik Rise

** Erik Sandal

* Ole-Monrad Alme