1. mai startar poengjakta og fjellpostjakta til Hødd og Hareid idrettslag. På enkelte fjelltoppar kan ein skrive seg inn i bøkene til både Hødd og Hareid, slik som på Flåna.På biletet over ser vi ein einsam "jaktvandrar", som i tillegg til poeng og postar får fargerike naturopplevingar.- Dette biletet er frå Flåna, mot Vartdalfjella, og er fanga dagen før vi skriv 1. mai, fortel Svein Eiksund til Vikebladet Vestposten.

Det er meldt variabelt vêr den komande langhelga, men det skal vere fleire vindauge både fredag, laurdag og søndag, som ein kan sjå på pent.no.