Høgst fortent raska han med seg alle tre bestemannsprisane på Høddvoll denne torsdag ettermiddagen, mellom anna frisørsalongen Føhnix sin bestemannspris, ei utmerking han har fått i fleire kampar i starten av sesongen.

- Du er ikkje redd du blir snauskalla, så mange Føhnix-prisar du får?

- Hehe, det kan du jo godt seie. Eg er i alle fall godt nøgd med min eigen prestasjon i dag. Eg føler meg trygg og god, og startar fint med ei god reaksjonsredning på Jerv sin fyrste sjanse, og held vel oss eigentleg inne i kampen på dette tidspunktet, seier Falch.

Det har han meir enn rett i Falch, for nyopprykka Jerv var farleg frampå fleire gongar gjennom kampen, og aller farlegast var det då den nemnte sjansen til Grimstad-laget kom. Ein Jerv-spelar fekk fatt i ballen innanfor Hødd sin femmeter, og skaut ballen på mål. Berre ein strålande beinparade frå Hødd sin solide sisteskanse redda dei frå å ligge under etter vel 12 minutts spel.

- Det var ein god dag på jobben, og eg er nøgd med dei fire framføre meg, dei spelte godt i dag. For meg handlar det no om å ta med meg prestasjonen frå i dag, når vi skal slå Hønefoss på bortebane komande søndag, seier Falch med eit smil.

Imponert over Jerv

Uavgjort og poengdeling mot Jerv på heimebane er eit stort steg opp frå kampen mot Bærum, meiner Falch.

- Det er det ikkje nokon tvil om. Vi stangar diverre ganske lenge i dag, og får ikkje målet vi ønskjer oss. I første omgang er vi det beste laget, men eg føler vi har god kontroll gjennom heile kampen. Det skortar litt på store sjansar med oss, seier Falch, som seier han vart imponert over motstandaren på Høddvoll.

- Jerv er botnsolid defensivt og fysisk sterke. Dei har mange spelarar med gode kvalitetar, og mange bra namn har komt inn i laget. Glenn Andersen med si rutine, Ohi Omoijuanfo som kom frå Lillestrøm for å nemne nokre. Vi møtte eit godt lag, seier Falch til slutt.