20 min: 1-0 Anyora scorar på Hønefoss si første skikkelege avslutning. Falch i duell etter corner, men klarar ikkje fange ballen og Anyora scorar på returen.

49 min: 1-1 Joachim Magnussen utliknar med ein susar. Blir spelt flott fram av Ulland Andersen og bankar ballen opp i næraste krysset.

60 min: 1-2 Ole Amund Sveen sender Hødd i føringa etter massivt Hødd-press.

88 min: 1-3 Torbjørn Kallevåg set inn Hødd sitt tredje på pasning frå Michael Karlsen.

Hødd gjer to endringar på laget som starta mot Jerv: Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak - Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen - Magnus Myklebust, Joachim Magnussen, Eirik Ulland Andersen.

Benken: Ole-Monrad Alme, Ruben-Kenneth Brandal, Michael Karlsen, Erik Sandal, Torbjørn Kallevåg.

Hønefoss: Łukasz Jarosiński, Abdoulaye Seck, Thomas Braaten, Aleksander Solli, Alexander Groven, Christian Aas , Morten Hæstad, Ugonna Anyora,Toni Kolehmainen, Malick Mane, Kevin Beugre.

Vi følgjer kampen som startar 18:00.

Etter to kampar som ikkje har levd opp til forventningane, med eit klart tap mot Bærum og berre uavgjort mot nyopprykka Jerv, har Hødd sjansen til å kome tilbake på vinnarsporet i bortekamp mot Hønefoss sundag.

Heimelaget har fått ein svært tung start på sesongen, med berre ein siger og heile fire tap, på sine første fem kampar. Det inkluderer ein stygg smell og 4-0 tap i serieopninga mot Follo. Deretter har Hønefoss også tapt mot Bryne, Sogndal og Bærum, men laget fekk med seg tre poeng i heimekampen mot Fredrikstad.

Les også: - Vi går på bana for å vinne

Etter sju mål i kampane mot Brann og Herd har ikkje Hødd kome i målprotokollen i løpet av dei to siste kampane. Det må laget gjere noko med om det skal bli tre poeng mot Hønefoss. Laga har møttest ein gong tidlegare i år, til ein treningskamp i Pinatar. Då enda kampen 1-1 og laga hadde kvar sin omgang der dei dominterte.

Sist sesong spelte Hødd og Hønefoss 0-0 i 16. mai-kampen på Høddvoll, før det vart 1-4 siger til Hødd på AKA Arena. Då scora Robin Shroot tre for Hødd, medan Espen Standal scora eitt. I år er det andre som må ta ansvar.