15 minutt inn i den andre omgangen sendte Ole Amund Sveen ballen i mål, og Hødd opp i 1-2 leiing borte mot Hønefoss. Etter at heimelaget tok leiinga i den første omgangen, var første Joachim Magnussen frampå med utlikninga, før Sveen snudde kampen til Hødd sin fordel.

- Det er veldig sterkt av oss å kome tilbake. Vi klarar å ta tak i ein del av det som vi ikkje var gode nok på sist. I dag klarer vi å spele vårt spel heile tida. I pausen så gjer trenarane nokre grep og ber oss om å vere endå meir gjennombrotshissige, fortel Ole Amund Sveen.

Betre gjennom heile kampen

Hønefoss scora på det som var deira første skikkelege sjanse i kampen, og medan Hødd hadde sjansar både før og etter Hønefoss-scoringa, så måtte ein vente til etter pause før bortelaget fann vegen til mål.

- Eg føler likevel at vi er betre gjennom heile kampen, og som sagt så er det sterkt å snu det når dei tek leiinga. I Obos-ligaen er det veldig ofte slik at laget som scorar først vinn kampane, seier målscoraren.

I den førre bortekampen Hødd spelte scora også heimelaget på sin første sjanse. Då klarte aldri Hødd å kome skikkeleg inn i kampen, men denne gongen var laget frå Ulsteinvik farlegast framom mål.

- Vi får press i mot i perioder av kampen, men då får vi også større sjansar til å ta overgangar. I dag gjer vi ein veldig god prestasjon, meiner Sveen.

Han fortel at Hødd-spelarane hadde veldig lyst til å løfte seg etter tapet mot Bærum og uavgjort heime mot Jerv.

Godt trente

Det blir ikkje mykje tid for spelarane til å kose seg med sigeren over Hønefoss. Allereie onsdag skal laget spele bortekamp i cupen mot Fana.

- Eg har ikkje rukke å tenke så mykje på det, men vi må berre gjere det same i kvar kamp som vi har gjort gjennom heile oppkøyringa. Det vil kome nokre tap frå tid til anna, men vi må berre passe på å gjere dei gode periodane så lange som mogeleg, fortel Sveen.

Han trur Hødd har eit av dei best trente laga i Obos-ligaen, noko som kjem godt med i det tette kampprogrammet laget er inne i.

- Det er veldig tøft og blir nok ein del rullering i tida framover, men vi ser også i dag at vi har innbytarar som kan kome inn og gjere ein god innsats, seier Sveen og viser til Michael Karlsen og Torbjørn Kallevåg som fekk ti minutt mot slutten av kampen og kvitterte med mål og målgjevande.