Heimelaget Haddal gjekk til kampen mot naboane frå Hasundgot utan poeng etter tre serierunder i 6.-divisjon avd. 3. Hasundgot hadde på si side slått både GIL/MIL og LGFK 2, men gjekk også på ein 5-1 smell mot Hareid 2.

Kanskje var det derfor ikkje heilt uventa at bortelaget tok ei tidleg leiing ved Vegard Sundgot etter sju minutt. På førehand hadde Haddal-trenar Fredrik Ringstad sagt at det ville bli viktig med det første målet, og at laget som fekk det truleg ville vinne kampen.

Slik skulle det ikkje gå, for Haddal kom seg tilbake og viktige Steffen Sjåstad Uldbæk sette inn utlikninga etter 15 minutt. Før pause hadde både Daniel Hatløy og Karl Johan Hauge funne vegen til nettmaskene for Haddal. I tillegg hadde bortelaget scora to gongar, ein gong ved Marius Hauge Muren og ein gong i eige nett. 4-2 til pause etter 45 hendingsrike minutt.

Seks mål også etter pause

Etter pausen tok det om lag 20 minutt før nokon av laga teikna seg i målprotokollen, men deretter vart det travlare for dommar Birger Breivik.

Først scora Iver Osnes to gongar i løpet av ti minutt. Deretter reduserte Sebastian Kleven Moldskred med 14 minutt att av kampen, men framleis skulle det kome tre nye scoringar på Solsida.

Først sette Steffen Sjåstad Uldbæk sitt andre og Haddal sitt sjuande mål for kvelden, før hasundgot reduserte to gongar, først ved Halvor Mjøen Berg og deretter ved Eirik Kalvø Vattøy.

Det vil seie at sluttresultatet enda på 7-5 i heimelaget sin favør, og laget sine tre første poeng denne sesongen.

Komande måndag tek Hasundot i mot dei ubesigra serieleiarane frå Volda 2, medan Haddal skal over kommunegrensa for å møte Hareid 2.