Tidlegare Ulstein og Omegn Sykkelklubb-syklist Martin Notøy Nevstad, som no syklar for Trondheims-klubben TVK, deltek ikkje i år. Han er oppteken med skulearbeid.

- Det blei slik i år. Eg skal sjølvsagt følgje med på korleis dei heime gjer det, seier Nevstad til Vikebladet Vestposten.

Spanjol vann i fjor

Martin Notøy Nevstad rulla inn over målstreken på andreplass i fjor, bak spanjolen Xabier Zabalo frå Ålesund og Omegn CK. Dei to hadde høvesvis tidene 1:42:35,55 og 1:42:32,42. Zabalo si tid var på ordens skuld ny rittrekord. Om vi kan forvente ny rekord i år er meir usikkert, då vêret har vore usikkert i tida før start måndag ettermiddag.

Slik enda rittet i fjor: Spanjol parkerte Nevstad i Skulebakken

Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til stiller både Iver Vattøy og Peter Hagelund Horn til start, dei to lokale syklistane som har imponert stort tidlegare i vår.

- Eg har trua på dei, seier Martin Notøy Nevstad.

Aud Janne Hatlebakk i sekreteriatet kan forsikre lokalavisa om at både Iver Vattøy og Peter Hagelund Horn går for sigeren i dag.

- Sjølvsagt gjer gutane våre det. Dette blir spanande!, seier Hatlebakk.