Etter ein solid snuoperasjon og 3-2 siger over Verdal måndag klarte ikkje Hødd å gjenskape prestasjonane frå pinsekampen på heimebane. Molde vart for sterke og scora ein gong i kvar omgang for å sikre seg sin fjerde strake siger denne sesongen.

Kampen på nye Høddvoll var i hovudsak av den jamne sorten, der ingen av laga hadde det store overtaket. Spesielt i den første omgangen var det både jamnt og sjansefattig, og når Molde tok leiinga så var det i stor grad ut av ingenting.

Amalie Kragset i Hødd-målet brukte litt for lang tid på ei klarering og Hanne Lyche snappa ballen og kunne enkelt sette inn 0-1.

Men om Kragset var uheldig på Molde-scoringa gjorde ho opp for seg med ei rekkje gode redningar, spesielt i den andre omgangen då kampen opna seg meir opp og begge lag kom seg til fleire sjansar.

Hødd var svært nære utlikninga, med god hjelp frå ein Molde-forsvarar som sette ballen i stolpen bak eigen keeper etter ein corner. Angelica Vattøy var også nære med eit skot frå skrått hald, men ballen gjekk utanfor.

Og medan Hødd pressa på framover for å få utlikninga opna det seg rom bakover. To minutt før full tid fekk Live Aandal litt for mykje plass før ho vende opp på hjørnet av 16-meteren og sende ballen vakkert opp i det lengste hjørnet. Ei flott scoring som sikra at poenga blei med Molde-damene tilbake til Rosenes by.

Hødd: Amalie Brandal Kragset, Benedikte Nevstad, Susann Kragset, Ingrid Måseide, Therese Holstad, Silje Holstad, Gro Elise Aksnes, Mari Heggen, Siril Rusten, Angelica Vattøy, Ellen Nerland Aahjem.