Hareid reiste torsdag kveld til Rota gras for å spele borte mot Vigra i 4.-divisjon på Sunnmøre. Sist torsdag fekk dagens bortelag sin første heimesiger for sesongen, og det ser ut til å ha gitt Stig Monsen sine karar godt med sjølvtillit.

Vigra stod med to uavgjorte og ein siger på dei tre siste kampane, men mot Hareid var heimelaget aldri i nærleiken.

Hareid var farleg frampå allereie etter sju minutt då Alexander Nevstad heada ballen i tverrliggjaren, og berre to minutt seinare tok bortelaget leiinga ved Thor Ove Brekke som sette ballen i mål på vakkert vis frå om lag 20 meter.

Bortelaget løfta ikkje på gasspedalen etter det første målet, og allereie seks minutt seinare var det Runar Stranden som banka ballen i mål frå om lag 35 meter!

Hareid hadde også fleire sjansar til å score både to og tre mål til før pause, men dei måtte nøye seg med ei. Georg Eikrem Olsen sette inn 3-0 etter rot i Vigra sitt felt og laga kunne gå til pause med Hareid så absolutt i førarsetet.

Fleire etter pause

Etter kvilen var det også bortelaget som var vassast frå start. Georg Eikrem Olsen brukte berre to minutt før han auka leiinga til 4-0 med sitt andre for kvelden.

72 minutt ut i kampen fekk Vigra med seg ei redusering på straffe ved Rørseth. Fredrik Lonbakken som kom inn for Vagn Scheide Mork kort tid tidlegare nådde ikkje fram til ballen, og Vigra fekk med det ei viss spenning i kampen.

Ti minutt seinare vart det klart at Vigra ikkje ville klare å kome tilbake i denne kampen, då Fredrik Andresen vidareformidla innlegget frå Runar Stranden til Hareid sitt femte mål for kvelden. Duoen gav seg ikkje der, og tre minutt seinare var det igjen Stranden som serverte til Andresen som kunne score sitt andre og Hareid sitt sjette for kvelden.

Meir skulle det også bli, men denne gongen var det heimelaget som ordna mål for gjestane. Sjølvmål og 7-1 til Hareid, noko som også blei sluttresultatet.

På to kampar i Giske kommune har Hareid altså ein målskilnad på 12-2 etter at Valder blei slått 5-1 i opningskampen.

Då kan det også sjå ut til at Hareid har funne fram til betre form enn den som prega laget då dei gjekk på tre heimetap på rappen og berre tok eitt poeng på fire kampar. No ser situasjonen plutseleg mykje lysare ut med seks poeng på dei to siste kampane.

Kampfakta:

Vigra - Hareid 1 - 7 (0-3)

Rota gras

Dommar: Øyvind Nesdal Birkeland

Gule kort Hareid: Thue, Driksna, Nevstad, Melchior

Mål Hareid: Thor Ove Brekke (9), Runar Stranden (14), Georg Eikrem Olsen (32, 47), Andresen (82, 85), Sjølvmål (90)

Hareid: Vagn Scheide Mork (Lonbakken 71) – Nauris Driksna (Hiwa Alipoor 68), Eiliv-Tore Howlid, Ulrik Wingsternes (Brekke 90), Ole Magnus Melchior – Ola Kalvø Vattøy (Simon Holstad Grimstad 45), Alexander Nevstad (Driksna 77), Jon Andre Thue (Joar Møller 68), Runar Stranden  – Thor Ove Brekke (Fredrik Andresen 53), Georg Eikrem Olsen