Dei siste åra har Hødd hatt gode tradisjonar for å utvikle keeperar. Namn som Vebjørn Skeide, Ørjan Nyland, Andreas Lie (på lån) og Aslak Falch (alle med erfaring frå aldersbestemte landslag) har vakta buret for Hødd dei siste sesongane.

Med førstekeeper Aslak Falch suspendert mot Sogndal, og reservekeeper Jan Lennart Urke framleis ute med skade, var det 18-åringen Ole-Monrad Alme som vakta buret.

Sjølv om dette var brandølingens første kamp frå start, og andre kamp totalt, som Hødd-spelar, gjorde han seg på ingen måte vekk på Fosshaugane Campus.

- Dei ligg jo i toppen, så eg forventa at dei skulle kome med eit bra mannskap. Då må ein vere klar for alt, og det føler eg at eg var, seier Alme om debuten frå start.

Nesten draumedebut

Det tok om lag 13 minutt før tidlegare Hødd-spelar Robin Shroot fann vegen forbi ein elles god Alme.

- Han kom åleine og eg er på den sjølv om den går i mål, men eg hadde ikkje sjans til å dytte den ut. Shroot er god der, så det var vanskeleg å gjere noko med.

- I ein draumedebut hadde eg heldt nullen, men sett bort frå det så er det ikkje langt unna - synes eg.

- For min del føltes det nesten som vi hadde vunne når Sveen scora. Det var herleg å få mine første 90 minutt, og frå start. Sjølv om vi låg under så spelte eg på meg eit smil i alle fall, så eg er nøgd slik sett, forklarar sisteskansen.

Best i Noreg?

Alme var i aksjon igjen allereie søndag då Hødds juniorlag reiste til Molde for å spele 3. runde i NM på Aker stadion. Men om han blir å sjå i startoppstillinga igjen neste helg mot Follo er ikkje noko han ofrar altfor mange tanker om.

- Det tenkjer eg ikkje noko på. Det får trenarane ta seg av. Ein god søknad er alltid kjekt å legge inn, og no har dei meir å tenkje på - og det føles bra, konkluderer Alme

Og Hødd-trenar Sindre Eid er klar på at det står bra til i keeperteamet på Høddvoll.

- Ole-Monrad er ein utruleg lovande keeper og vi har tre veldig gode keeperar. Så vi er godt forspent.

- No fekk han også prøvd seg i 1.-divisjon. Det er ikkje tvil om at Frode og Ronny har ei god hand om keeperane våre. Eg vil gjerne sjå den plassen i Noreg som har betre oppfølging enn det dei gjer i Hødd, utfordrar Hødd-trenaren.

*

Sjølv om Hødd-keeper Jan Lennart Urke var med som reserve mot Sogndal vert han framleis på sidelinja ei stund til med det som vert kalla Gilmore's groin - eller fotballbrokk. Sjølv håper Urke å vere tilbake for fullt etter sesongpausen.

24-åringen har ikkje spelt for A-laget sidan 2. november i fjor då Hødd tapte 3-0 mot Bryne.