Moldes sisteskanse Ørjan Håskjold Nyland kan vere på veg bort frå klubben allereie i sommar. Mest sannsynleg ender han opp i Tyskland eller England, melder Romsdals Budstikke.

Ifølgje avisa har ikkje keeperen vore på trening dei siste dagane, og agent Jim Solbakken skal vere i forhandlingar med tyske klubbar.

Også Everton har følgt den 24 år gamle keeperen tett.

Nyland kom til Molde frå Hødd for dryge to år sidan.