Med moglegheita til å vinne utstyr for 50.000 kroner har det vore spente dagar i handballgruppa i Hareid IL. No har dei fått svar – og kom sigrande ut av konkurransen!

– Det var kjempekjekt å få beskjeden om at vi vann. Vi vil sjølvsagt få sende ei stor takk til alle som har stemt på oss, vi hadde ikkje klart å drage det i land utan hjelpa frå alle, seier Jeanette Teigene i Hareid IL Handball.

– Premien vil bety veldig mykje for ein forholdsvis ny og liten klubb som er under stor utvikling. Dette er ei stor draghjelp for heile handballgruppa på Hareid, held Teigene fram.

Over 100 bilete

Umbro sjølv var godt nøgde med årets deltaking.

– Umbro gratulerer jentene som har lagt ned fantastisk innsats. Vi fekk inn flere hundre lagbilder og fleire tusen har stemt, skriv selskapet på sine eigne Facebook-sider.

Konkurransen gjekk ut på å sende inn ei lagbilete, som deretter blir stemt på gjennom Facebook. Vinnarbildet vart tatt etter at damelaget tok bronse i si fyrste turnering.