Ulstein og Omegn sykkelklubb har saman med Ørsta sykkellklubb sendt inn ein søknad til Ulstein kommune om å for å arrangere sykkelritt i Ulsteinvik sentrum.

Dette vil i så fall bli arrangert 6. september i haust. Rittet skal vere for born og ungdom i alderen 6-16 år og ein del av fylkescupen.

Sjøgata skal ikkje syklast på, men ønskjet er at løypa skal gå frå Kulturalmenningen, gjennom parkeringsplassen på nedsida av Blåhuset, inn Bjørndalvegen, så fram til rundkøyringa ved Amfi og tilbake til Kulturalmenningen på nedsida av Klevenhuset.

I samband med dette rittet ber leiar i Ulstein og Omegn sykkelklubb, Kjell Bjørn Hatlebakk, om løyve til å sperre av den nedste delen av Bjørndalvegen medan rittet held på.