Eitt poeng mot serieleiar Sogndal sist runde gav Hødd ein liten opptur etter å ha opplevd tre strake serietap, i tillegg til ein cup-exit mot tippeligalaget Mjøndalen.

Det gav dei blåkvite ein liten «boost» inn mot vårsesongens siste kamp mot Follo.

Lad opp med Hødd-magasinet!

Gjestene frå Akershus kjem truleg med ein meir spelande spelestil enn det Hødd møtte i Sogndal, noko Hødd-leiren må vere merksame på.

- Vi må vere kloke i forhold til deira spelestil, var beskjeden frå Hødd-trenar Sindre Eid tidlegare i veka.

Følg kampen direkte i LIVE-boksen under. Avspark på Høddvoll kokka 18.00!

Hødd stiller slik i dag:

Falch - Aasbak, Törnqvist, Moltu, Ingebrigtsen - Wrele, Sveen, Torset - Myklebust, Kallevåg, Ulland Andersen

Høgdepunkt:

13 min: Ole Amund Sveen får ballen rundt 20 meter frå mål, klinkar til, og ballen går hardt i mål, like ved høgre stolperot. 1-0 på Høddvoll.

37 min: Christoffer Aasbak sikrar seg si første scoring for Hødd, og for eit mål! Bendik Torset legg flott inn, ballen blir stussa vidare, og endar opp framføre Aasbak. Venstrebacken skyt på første, og ballen går hardt i mål og opp i nettaket.

44 min: Akinbola Akinyemi reduserer for Follo.