Hødd vart tidvis pressa hardt av eit velspelande Follo-lag, men klarte å ri av stormen. Sjølv om Follo hadde sine sjansar, var også Hødd farleg frampå ved fleire høve, og kampen kunne hatt svært mange utfall. Heldigvis for Hødd enda den 2-1 i favør dei blåkvite, noko som betyr at Hødd er å finne blant dei tre øvste laga i Obos-ligaen før haustsesongen vert sparka i gang 26.juli.

- Kampen vart som forventa

Torbjørn Kallevåg var godt nøgd tre poeng før sommarpausen tek til, og meiner Hødd var førebudd på kva som venta dei i møtet med Follo.

– Vi var klar over styrkane til Follo, og spelte deretter. Eg synest vi gjer ein god kamp, og kampen vert om lag slik som forventa, sa Kallevåg etter kampslutt.

Det vart ein slitekamp for den hardtarbeidande angrepsspelaren i og med at Follo fekk ha ballen mykje.

– Det var litt vanskelege arbeidsvilkår i dag, men eg tek den jobben eg må. Eg er i form og gledar meg til haustsesongen startar, avslutta Kallevåg.

- Vi har sett oss sjølve i ein god posisjon

Det var ein stolt Hødd-trenar som kunne sjå tilbake på ein god vårsesong. Kampen mot Follo vart jamn, men Hødd stod løpet ut og sikra tre viktige poeng.

– Eg er veldig godt nøgd med gutane i dag, vi jobbar hardt, følgjer kampplanen og står løpet ut. I tillegg skaper vi sjansar, og burde fått 3-1 tidleg slik at vi kunne drept kampen. Når vi ikkje lukkast med det, vert det spennande, men vi kjempar godt og tek tre fortente poeng. Det var viktig å gå inn i sommarpausen med ein siger, sa Sindre Eid etter kampslutt.