- Truleg er det berre fleire skadar på Pål André Helland (25) som kan øydelegge gullfeiringa i Trondheim denne hausten, skriv VG-journalist Knut Espen Sveegarden i ein kommentar tysdag.

Helland, som dominerte for Hødd gjennom 2012- og 2013-sesongane, gjekk til Rosenborg sommaren sistnemnte år. Rosenborg var klubben han gjekk til frå moderklubben KIL/Hemne i 2006, men sjølv om han var kaptein på andrelaget og fekk debuten sin for A-laget, blei han i 2009 utlånt til Ranheim. I 2011 var han i Byåsen, men det var i Hødd han for alvor fann igjen storforma. På to sesongar spelte han 39 offisielle kampar og scora 11 mål. Helland blei cupmeister med Hødd i 2012, og byrja å tiltrekke seg stor interesse frå fleire klubbar. Men då Rosenborg kom på bana igjen, var han ikkje vond å be. Etter berre 14 seriekampar i 2014, har han verkeleg slått til i år.

- Den viktigaste spelaren i ligaen

På dei ni kampane han har starta for Rosenborg i år har han scora heile ni gongar, og Rosenborg har teke 2,44 poeng i snitt i desse kampane. I dei seks kampane han har vore ute med skade har laget teke i snitt 1,83 poeng. I dei kampane han har spelt har han scora ein gong for kvart 72. minutt, og medverka til scoring i snitt kvart 59. minutt.

- Det er faktisk mogleg å kalle Pål André Helland for den viktigaste spelaren i ligaen med bakgrunn i dette. Han har blitt ein svært viktig mann for RBK også utanfor bana, med sin måte å vere på og sine friske utsegner. Men det er sjølvsagt på bana han er mest sakna, skriv Svegaarden vidare i kommentaren sin, og peikar mellom anna på "sjokktapet" for Bodø/Glimt i helga som var.

Rosenborg ligg per no på toppen av tabellen i eiliteserien, tre poeng framføre Stabæk og seks poeng framføre Vålerenga.