Så langt denne sesongen har det blitt smått med sjansar for Erik Sandal, som har slitt med skadar sidan slutten av 2013. I år har det blitt med tre innhopp: mot Brann, mot Ranheim og i helgas kamp mot KBK.

- Alle minutt er kjærkomne, men ein vil jo alltid spele mykje. Samstundes har eg vore lenge ute så det er godt å vere i gang igjen – sjølv om det er keisamt å tape fotballkampar, seier Sandal.

- Treig back

Hødds nummer 7 kom inn for Joakim Wrele dei siste fem minutta før ordinær tid, og fekk dermed ikkje altfor stor innverknadskraft på kampen.

- Eg er involvert i litt av kvart, men eg føler det gjekk greitt. Eg hadde ei forferdeleg pasning, men elles så gjer eg det eg skal og må, meiner 32-åringen.

- For det var vel ikkje cornerflagget du sikta på med den pasninga?

- Nei, slik blir det når (Christoffer) Aasbak er for treig i rumpa. Men det er greitt, humrar midtbanespelaren.

Straffa for feil

- Intensjonen var at eg skulle inn og prøve å spele gjennom medspelarar, og det føler eg at eg gjorde med greitt hell. Tida fyk av stad på fotballbana; det kjendest meir ut som berre to minutt, men eg fekk kjenne litt på nivået igjen og det er veldig lenge sidan, summerer han opp sin første kamp sidan han kom inn som innbytar mot Ranheim 7. juni.

Sandal meiner KBK var flinkare enn Hødd til å utnytte dei sjansane som laget fekk.

- Vi vart straffa for vore feil, medan vi er litt uheldige og udyktige som ikkje straffa dei på sine feil. Dei hadde ikkje så mange sjansar i løpet av kampen, og det var mest vi som skapte sjansane for KBK, samanfattar Sandal.

Nær retur

Herren frå Deknepollen meiner sjølv han aldri har vore nærare å vere tilbake 100 prosent, etter å ha fått berre fire innhopp sidan 2013-sesongen vart avslutta.

- No er eg smertefri, men eg treng kamptrening. Så spørs det i kor stor grad eg får det. Då må eg berre gripe sjansen når eg får den. Det er hard kamp om plassane, erkjenner han.

- Korleis ser du på sjansen om å spele deg inn på midtbanen igjen?

- Det vert ei utfordring for meg, utan tvil, men kjem eg opp på eit akseptabelt nivå så skal eg vere med å kjempe om dei plassane der. Eg er offensiv i hovudet, og hadde eg ikkje hatt trua på mine eigne ferdigheiter så kunne eg ha funne med noko anna å gjere på, slår Sandal fast.