Sjølv om det har «butta» litt imot sportsleg er det glade jenter som møtte Vikebladet Vestposten etter kampslutt måndag kveld. Hanna Holstad Grimstad, Silje Årsborg Bjåstad og Linn Håberg Dimmen smilar frå øyre til øyre trass i tap i oppgjeret mot Nordhordaland.

Det var ikkje så stor skilnad på laga som resultatet skulle tilseie. Ei humpete bane og små marginar som vippa favør Norhordaland, både offensivt og defensivt, gjorde at sluttresultatet vart 1-5.

- Det er jo først og fremst veldig kjekt å spele fotball. Vi har det artig saman, sjølv om resultata så langt har gått imot oss, fortalde Dimmen til lokalavisa like etter kampslutt.

Gutar og shopping

Ambisjonen for opphaldet i hovudstaden er klar: ha det kjekt sosialt og sjå på gutar. Laget er flinke til å inkludere kvarandre og det er veldig god stemning i laget.

Jentene har allereie observert mange flotte gutar på Ekebergsletta. Etter få dagar på Norway Cup er det også peika ut ein favorittnasjonalitet.

- Vi tykkjer majoriteten av gutane er flotte. Det er spesielt mange flotte gutar frå Tyskland, så dei har vi eit godt auge med, er dei tre jentene samde om.

Dei mange shoppingmoglegheitene legg heller ikkje ein dempar på stemninga, og Hanna, Silje og Linn er fornøgde med salet som går føre seg i desse tider.