Kampen opna på best tenkeleg vis for Haddal når det første målet kom i zebratrøyenes favør, etter eit flott angrep i opningsminutta. Desverre scora Heddal både ein og to gongar før halvtid. Dei svarte og kvite låg dermed under 1-2 til pause.

Sjå video av pausepraten i høgremargen!

Etter pausen var det eit tent Haddal-lag som kom på bana, og det var ikkje ufortent når 2-2-målet kom tidleg i andre omgang. Etter utlikninga var det ei lang periode med "stillingskrig", og ein hadde på kjensla at begge lag kunne score det avgjerande målet.

Denne gongen vippa det Heddals veg etter eit velplassert skot, og dermed enda det med ein knipent 2-3-tap.

Innsats og vilje

Spelargruppa var forståeleg nok skuffa etter kampen, men trenar for laget, Einar Nevstad, understreka at ein skal vere fornøgd med kampen.

- Eg tykkjer gutane legg ned ein heiderleg innsats gjennom samtlege minutt. Det har også vore tilfellet dei andre kampane i gruppespelet, sett bort frå ein periode i gårsdagens kamp. Meir enn 100 prosent innsats kan ein ikkje forvente, skryt ein energisk Haddal-trenar som er særs nøgd med laget sitt.

- Betre samansveisa

- Så langt har vi nytta dagane godt i hovudstaden. På søndag hadde vi eit besøk på teknisk museum og i går var gutane på tivoli. I ettermiddag ser vi an moglegheita til å avleggje eit besøk i Holmenkollen. Gjengen blir betre og betre samansveisa, og det er veldig gledeleg, avsluttar Nevstad.

Trass i det knepne nederlaget viste Jonas, Anders og Isak god sportsånd og stilte opp til videointervju med Vikebladet Vestposten etter ein nervepirrande kamp på Valle.

Sjå videointervjuet etter kampen i høgremargen!