Det var eit scoringsvillig Hasundgot-lag som spelte siste kamp i gruppespelet på Ekebergsletta tysdag ettermiddag, og det starta veldig bra for dei kvitkledde. Allereie etter fem minutt stod det 4-0, og laget såg at ein gruppesiger var innan rekkevidd.

Kanskje hadde spelarane for stort fokus på akkurat dette dei neste 10 minutta - for då gjekk avslutningane anten på keeper eller i dei mange tresortane bak mål.

Sjå to av måla i høgremargen!

Ein liten sluttspurt, som gav fire nye mål, tende liv i håpet om gruppesiger, så ved sidebytte stod det 8-0 til Hasundgot.

To mål ifrå

I den andre omgangen heldt laget frå Dimnøya fran med å pøse inn mål.

17-0 stod det med tre minutt igjen av kampen, og det måtte tre mål til for å ta gruppesigeren. Desverre kom det berre eit mål dei attverande minutta, og dermed blei sluttresultatet «berre» 18-0.

Hasundgot skal ha for eit godt forsøk, men Krødsherad sin keeper hadde fleire kanonredningar og stod særs godt - trass dei 18 baklengsmåla.

Frode Bekkemellem, som er trenar for laget, tykkjer forsøket var bra, men at effektiviteten ikkje var god nok for å snappe gruppesigeren.

- Vi gjer jo sjølvsagt ein god kamp og skårar monge flotte mål, men vi manglar litt på effektiviteten. Samstundes har dei ein særs god keeper som stod i vegen litt for ofte, seier Bekkemellem.

Internasjonal motstand

No ventar internasjonal motstand, WA FA frå Libanon, i morgondagens 1/16-finale. Det gleder gutane seg til.

- Vi har aldri møtt internasjonal motstand før, så dette er sjølvsagt noko vi ser veldig fram tid. Vi har framleis ikkje tapt og har god sjølvtillit. Ambisjonen er å nå lengst mogleg, avsluttar ein engasjert og offensiv trenar med glimt i auget.

PS! WA FA møtte Gursken i gruppespelet, og vann 7-2.