Årets Norway Cup fekk ei dramatisk avslutning for Hasundgots J13-lag.

I første utslagsrunde i A-sluttspelet tapte jentene 3-1 mot Fjellhamar Rød, men det var noko som skurra hos trenar Vidar Gjerde.

- Vi spelte mot Fjellhamar Kvit i siste gruppespelkampen, og så viste det seg at Fjellhamar Rød hadde hadde teke med seg spelarar frå det laget vi møtte i går. Då vi spurte trenaren om dette var spelarar som også hadde spelt i gårsdagens kamp, fekk vi svar om at det ikkje var tilfellet, seier Gjerde.

Fole sirkus

Hasundgot spelte likevel kampen, men la så inn ein protest etter kampen var ferdigspelt. Det vart derimot stille frå arrangørane lenge, og Gjerde trudde at Norway Cup-eventyret var over for denne gongen.

- Men så fekk eg ein telefon klokka halv åtte at klaga hadde blitt teke til følgje. Og då skulle vi spele kamp kvart over åtte, ler Gjerde.

- Akkurat då var alle jentene på Ekeberg, så det vart eit fole sirkus å få alle saman til Furuset i tide. Heldigvis var kampane ein del etter skjema, så vi spelte ikkje før klokka ni, legg han til.

Kort kampførebuing

Motstandarane Hasundgot møtte i den neste runden, i 1/8-finalen, var Årvoll Girls. Det enda i eit knipent 2-1-tap.

- Vart det litt for knapt med kampførebuing som vart utslagsgivande?

- Ja, det vart nok det. Samstundes så hadde vi spelt tre av kampane våre på kunstgras, og no vart det ein kamp på ei frykteleg blaut bane. Så det var tilfeldigheitene som avgjorde kven som vann kampen, for det var eigentleg ein fin og god kamp, påpeikar 44-åringen.

- Ingen tårer

Sjølv om Norway Cup stoppa mot Årvoll, kunne ikkje Gjerde sjå nokon triste ansikt etter at Hasundgot hadde roke ut - for andre gong.

- For jentene som fekk ei trist avslutning på turneringa då dei visste at motstandaren juksa, for å så ein telefon om at dei får spele ein kamp til, så var dette heilt fantastisk. Det var ikkje ei tåre å sjå etter det siste tapet.

- Så den siste kampan var ein bonuskamp både for spelarane og trenarane, stadfestar Hasundgot-trenaren, som tidlegare har spelt fleire sesongar som stoppar på Hasundgots a-lag.

Men årets fotballhøgdepunkt er definitivt over for denne gong, og Hasundgot returnerer til Sunnmøre torsdags ettermiddag.