Hareid sitt G16-lag har gjort det svært godt i årets Norway Cup-turnering, og starta sine to første kampar med to sigrar og ein målskilnad på 29-1.

Dei vart nummer to i pulje fem, og gjekk dermed til a-sluttspelet. Der har dei slått ut Ørskog/Stordal, Øystese og Kvass/Ulvungen.

Torsdag ettermiddag sikra dei seg enda eit sterkt resultat, då dei vann heile 6-2 mot Alshabab Lebanon i kvartfinalen. Det betyr at dei skal spele semifinale mot egyptiske Orion Sporting i morgon.

Øvst i saka kan du sjå dei fantastiske jubelscenene etter kvartfinalesigeren! Videoen er av Tove Kristoffersen.

PS: Hareid G14 spelar kvartfinale klokka 20.15. Følg med på Vikebladet.no utover kvelden for reportasje frå den kampen.