Sunnmørsvêret i hovudstaden dei siste dagane har sett sitt preg på banene på Ekebergsletta.

Sjølv om sola varma godt torsdag kveld, var det lite finspel og begge laga fokuserte på å gjere ting enkelt.

Mål rett før sidebytte

Den fyrste omgangen bar preg av dei nemnde baneforholda og to godt organiserte lag. Begge laga spelte med låg risiko og verka opptatt av å unngå fyrste baklengsmål.

Fram til det 25. speleminuttet var det stort sett berre avslutningar frå distanse som ikkje truga verken Hødd- eller Kolbotn-målet.

Men nokre sekund før dommaren sette fløyta i munnen for siste gong før sidebyttet gjekk Hødd opp i leiinga. Etter eit raid langs venstresida vart ballen slått gjennom feltet. På bakerste stolpe dukka Pia Notanes Brandal opp og breisida ballen sikkert i mål.

Kolbotn i førarsetet

Etter pausen var det Kolbotn som skaut fart ut av startblokkene, og dei kvitkledde hadde initiativet gjennom heile den andre omgangen.

Hødd verka slitne både i beina og hovuda, men strålande keeper-prestasjonar av Julie Beitveit heldt dei blåkvite inne i kampen.

Desverre måtte den gode sisteskansen til slutt plukke ballen ut av nettet etter eit godt plassert skot frå kort hald.

Nervepirrande sluttminutt

Det var ingenting å seie på utlikninga, og Kolbotn heldt fram med å køyre kampen på Ekebergs bane 13. Med godt keeper- og forsvarsspel såg det lenge ut til å gå mot ekstraomgangar.

Desverre skulle det ikkje ende slik for Hødd-jentene; eit ryggande forsvar var litt for seine i presset, og ei god avslutning av ein Kolbotn-angripar sneik seg inn i lengste hjørne.

Like etterpå bles dommaren av kampen og Norway Cup-eventyret var over for jentene.

- Skuffande å ryke ut

Hødd-keeper, Julie Beitveit, var forståeleg nok skuffa etter kampslutt.

- Det er sjølvsagt skuffande å ryke ut, men vi får ta med oss at vi har spelt veldig bra så langt. I dag tapte vi rett og slett fortent mot eit betre lag, forklarer sisteskansen.

- Kva sitt du att med som det beste minnet frå Norway Cup?

- Kampen som sende oss vidare til kvartfinale, kampen mot Vinne, var særs god og vår beste i turneringa, seier Beitveit.

På kveldens program er det planlagt ein middag for både spelarar og støtteapparatet, før dei reiser heim til Sunnmøre i morgon.