Fredag føremiddag starta noregsmeisterskapen i friidrett for seniorar. Frå Hareidlandet er det fire lokale utøvarar som er i Haugesund for å tevle om medaljar.

Blant desse er Karsten Warholm, som sikra seg den første medaljen då han sprang finale i 110m hekk.

På tida 14,30 sprang 19-åringen inn til ein andreplass, som var 0,45 sekund bak vinnaren Vladimir Vukicevic. Løpet var det ikkje noko å seie på for Warholm, som slo sin personlege rekord med 18 hundredelar.

Fredag sprang Warholm også 400m i Haugesund. I forsøksheatet kvalifiserte han seg relativt greitt til finalen med tida 48,85 sekund. Den tida forbetra han i finaleløpet, og sprang inn til førsteplass med tida 47,39 sekund.

Bronse i debuten

Ut på fredagskvelden gjekk også ein annan Dimna-utøvaren, Fride Møller Flatin, 3000m kappgang.

Der gjekk Dimna-jenta inn til ein tredjeplass og bronsemedalje, med tida 15,24.17. Merete Helgheim frå Gloppen vann øvinga med tida 13,45.31.

Dette var også Flatins første noregsmeisterskap på seniornivå, etter at ho klarte NM-kravet under Veidekkelekene i Lillehammer.

Til finalen

Den tredje, og siste, Dimna-utøvaren som var i aksjon fredag var Renate Grimstad på 100m hekk. I forsøksheatet kvalifiserte 23-åringen seg til finalen med tida 14,04.

I finalen enda Grimstad på ein 6.-plass med tida 14,11.

Noregsmeisterskapen held fram i morgon, då skal Karsten springe 100m og 400m hekk. Også Renate Grimstad skal springe 100m, medan Hareid-utøvaren Ådne Andersen skal springe 800m. Om forma held seg deltek Andersen også i 3000m hinder.

Slik er programmet for dei andre øvingane i årets noregsmeisterskap:

UtøvarØvingForsøksheatFinale
Karsten400m110m hekkLengde400m hekk48,85 sekundXXXGull, 47,39 sekSølv, 14,30 sekLaur (16.00)Laur (16:55)
Renate100m hekk100m14,04 sekundLaur (11:20)6.-plass, 14,11 sekLaur (17:50)
Fride3000m kappgangXBronse, 15,24.17 min
Ådne3000m hinder 800mXLaur (10:50)Stilte ikkje til startSøn (13:10)