Hødd 2 banka Florø 2 med heile 5-0 heime på nye Høddvoll torsdag kveld. Til pause var det likevel berre eitt mål som skilte laga, etter at Audun Øvrelid stanga i mål eit innlegg frå Sondre Beite i det 10. minuttet.

Hødd 2 hadde ei rekkje sjansar, men var ikkje effektive nok før kvilen.  Bortelaget fekk også halde ein god del i ballen, men utan at dei sette Ole-Monrad Alme i Hødd-målet på dei store prøvene.

Etter kvilen vart det tettare mellom sjansane til heimelaget, og det vart også fleire mål. Sondre Beite sette inn 2-0 og sitt 11. mål for sesongen, før Joachim Magnussen la på til 3-0 etter eit framspel frå Benjamin Mork Kleppe. Magnussen måtte etter kvart forlate banen grunna eit kutt i hovudet frå ein duell med keeper. Det enda med fire sting for angriparen.

Innbytar Sveinung Tilseth Sæterås ville ikkje vere dårlegare og sette inn Hødd sitt fjerde for kvelden, før Benjamin Mork Kleppe sette dagens vakraste med ein flott lobb frå om lag 25 meter. 5-0 til Hødd 2 som dermed har scora ni mål på dei to kampane etter sommarpausen.

Begge til Bergen

For to av spelarane på banen for Hødd 2 var kampen spesiell av fleire grunnar enn det solide resultatet. Hareidsdølane Nils-Erik Engen og Mathias Grimstad spelte torsdag sin siste kamp i Hødd-trøye. I alle fall for denne gong. Engen flyttar allereie fredag til Bergen, før Grimstad følgjer etter komande veke.

- Det er vemodig, slår gutane fast etter kampen.

Kva skal de gjere i Bergen?

- Studere og spele fotball, seier dei nesten i kor.

Både Nils-Erik Engen og Mathias Grimstad skal studere økonomi og administrasjon i Vestlandshovudstaden, og begge satsar på å finne seg passande klubbar å spele vidare i.

- Eg skal trene med rekruttlaget til Brann, og så får vi korleis det går, seier Engen. Han legg til at grunnen til at han ønskjer å prøve dét er erfaringane frå rekruttlaget i Hødd.

Grimstad er ikkje sikker på kva klubb han kjem til å ende i, men han fortel at han får hjelp frå Geir Hansen til å finne rett klubb og at det til dømes kan vere aktuelt å prøve seg i ein av andredivisjonsklubbane i området.

Begge spelarane har vore i Hødd-systemet i om lag fem år, men dei har også frå tidlegare hatt Kenneth Moldskred både som trenar og lærar på ungdomsskulen. Derfor synest også trenaren det var vemodig å sjå dei to spele sin siste kamp.

- Denne kampen er vel eit godt minne for dei å ta vidare, både på fotballferda og livsferda, men det er definitivt vemodig.

Moldskred fortel at dét er ein del av det å drive rekruttarbeid.

- Vi ønskjer å utdanne både spelarar og menneskje, som går vidare i fotball-livet, enten opp ei hylle i vår klubb, eller sidelengs eller oppover i ein annen klubb.

Kva tenkjer du om fotballframtida deira?

- Det er heilt opp til dei sjølv. Det er kjempegode spelarar. Nils-Erik har vore mykje skadd, nesten eitt år på og eitt år av, men no er han endeleg tilbake og kroppen fungerer. Han er fotrapp, god med ballen og har eit godt blikk, så det er heilt opp til kva han vil og kor hardt han vil satse. Det same med Mathias, han er ei maskin og ein kampsspelar. No er det opp til spelarane kva veg dei ynskjer å gå og kor mykje dei vil legge i potten. Slik eg kjenner dei trur eg dei vil teste det ut endå nokre år og sjå kor gode dei kan bli. Dei har sine beste fotballår framom seg, fortel Moldskred.

Mangla rytme i første

Medan det var vemodig å sjå Grimstad og Engen spele sine siste Hødd-kampar, hadde Moldskred fem scoringar og ein solid siger å gle seg over.

- Det er mykje vilje og innsats gjennom heile kampen, men i førsteomgangen manglar vi litt rytme og presisjon på nest-siste og sistepasningane. Det ordnar seg litt meir i andre omgang, då motstandarane nok blir litt slitne og vi får litt større rom. Det er alltid ein kombinasjon mellom å bevare fokuset på spel i lengderetning, og finne periodene der ein bearbeider meir og leitar etter meir gunstige opningar.

I starten på sesongen trøbla Hødd 2 litt framom mål, mellom anna med tre kampar på rad utan scoring, men med ni på dei to siste ser det verkeleg ut til at laget har funne ut av den biten.

- Det er herleg! Vi har klart å halde hovudet kaldt, og arbeida vidare med det vi var gode på. No har vi også fått litt assistanse frå spelarar som har det som ei av sine primærferdigheiter, pluss at vi har fått meir trua på det og klarar å bikke kampane meir vår veg.

Kampfakta:

Hødd 2 - Florø 2 5 - 0 (1-0)

Nye Høddvoll

Tor Ove Myrseth, Sykkylven FK

Gule kort: Isak Haanes, Hødd 2

Mål: 1-0 Audun Øvrelid (10), 2-0 Sondre Beite (53), 3-0 Joachim Magnussen (59), Sveinung Tilseth Sæterås (78), 5-0 Benjamin Mork Kleppe (86)

Hødd: Ole-Monrad Alme - Martin Mork Breivik, Audun Øvrelid, Mathias Grimstad, Isak Haanes - Erik Sandal, Nils-Erik Engen (Eirik Sundgot Kristiansen), Bendik Rise (Daniel Haanes) - Sondre Beite, Joachim Magnussen (Sveinung Tilseth Sæterås), Benjamin Mork Kleppe.

*** Erik Sandal

** Audun Øvrelid

* Sondre Beite