Som Vikebladet Vestposten skreiv onsdag var det berre detaljar som stod att før den 23 år gamle, franske midtstopparen Darnel Situ ville verte klar for klubben.

Torsdag ettermiddag har Hødd stadfesta at Situ no er klar for spel i Hødd og at spelaren har signert ei kontrakt ut 2015.

Les også: Situ blir truleg Hødd-spelar

- Vi har hatt eit ønskje om å få inn ein forsvarspelar til i A-stallen, og er svært godt fornøgd med at Darnel no er på plass. Darnel er fysisk sterk, han har gode ferdigheiter og har bra fart. Vi ser absolutt eit spennande potensiale og trur at han kan bli ein nyttig tilvekst i dagens A-stall, seier sportssjef i Hødd, André Nevstad i ei pressemelding.

Les også: Ikkje uroleg for skadehistorikken

Situ har fått drakt nummer fem i Hødd. I pressemeldinga frå klubben seier franskmannen at han har blitt teke godt imot i klubben og at han har fått eit godt inntrykk i løpet av sine første dagar i Ulsteinvik.